Anders Nydal

kunderådgjevar privat

Anders er vaksen opp i Nydalen øst for Førde og har over 14 år erfaring frå bank. Han starta å jobbe i Sparebanken Sogn og Fjordane i 2015. I starten arbeida Anders som kunderådgjevar frå kontoret vårt i Naustdal, når dette kontoret vart lagt ned, starta han ved kontoret vårt i Førde og det er der han held til i dag.
Anders synast det er spennande å finne gode løysningar for kundane sine, spesielt dei skal ta store avgjersler som å kjøpe bustad. Det er viktig å ha god kommunikasjon med kunden slik at ein kan lufte og kartlegge eventuelle problemstillingar. Vegen blir til medan ein går og Anders synast det er kjekt å kunne følge på vegen. Det er viktig for Anders å hjelpe kundane med å får god innsikt i eigen økonomi og situasjon, slik at dei saman kan kartlegge mål og val som kunden ønsker å nå.