Bli med på Mini Skåla Opp!

Mini Skåla Opp er eit motbakkeløp for deg mellom 5 og 12 år! Håpar vi ser deg 13. august!
Det blir ei blanding av motbakkeløp på idealtid og natursti. Det er flotte premiar for alle deltakarane. I startområdet ved Tjugen blir det Konglekonkurransar og aktivitetar.

Kjekt å vite:

  • Løypa går frå parkeringsplassen til Skåla ved Tjugen.
    28 m.o.h. og 2.100 meter opp til Tjugensætra på 365 m.o.h.
  • Ingen påmelding - ta med deg både familie og vener!
  • Løpet startar kl 11.15, men vi er på plass i startområdet frå kl 10.00.
  • Barn under 5 år kan sjølvsagt også delta, men grunna sikkerheit
    må alle startande ha med ein vaksen som følgje.
Alle born er hjarteleg velkomne uansett om dei vil delta i løpet, eller berre vere ein dag ute i den flotte naturen. Ta med godt humør, gode kle og godt skotøy - få med heile familien ut på fjelltur.
Dette blir heilt kongle!