BankID på mobil blir fasa ut til fordel for BankID-app. Her finn du informasjon om korleis du aktiverer og bruker appen.
Frå 1. september vil det ikkje lenger vere mogleg å bestille BankID på Mobil. Det betyr at dersom du etter denne datoen får ny telefon, bytter abonnement, eller skiftar SIM-kort, vil du miste tilgangen til BankID på mobil.
For å unngå krøll kan du laste ned BankID-appen allereie no.
Snart vil app og kodebrikke vere dei einaste tilgjengelege alternativa å bruke BankID på. Overgangen til BankID-appen gjer at tenesta blir betre og meir stabil for brukarane.

Slik kjem du i gang:

  • Søk etter BankID-app i App Store eller Google Play store. Du må ha iOS 11/ Android 6 eller nyare for å laste ned appen.
  • Aktiver appen. Gjer dette på ein av tre måtar: BankID, BankID på mobil eller med kodar på e-post og SMS.
  • Tillat varslingar frå BankID-appen. Dette gjer det enklare å bruke appen.

Tre tips før du lastar ned BankID-appen:

Sjekk at du har eit aktivt BankID-sertifikat.
Om det er lenge sidan du har brukt kodebrikka di, kan det vere at BankID-sertifikatet ditt er utløpt. Om BankID er utløpt, vil du ikkje kunne aktivere appen. Sjekk derfor om BankID er aktivert i mobil-/nettbanken din først.
Hugsar du BankID-passordet ditt?
Dette er passordet du brukar samen med kodebrikka di når du loggar inn med BankID. Du treng dette passordet for å bruke appen. Nytt passord kan bestillast i mobil-/nettbank.
Det tek litt tid før du får fullført aktiveringa av BankID-appen.
Grunna sikkerheit, vil appen be deg om å vente ein time før du kan fullføre aktiveringa av BankID-appen.