Ikkje fornøgd? Vi høyrer gjerne frå deg

Er du ikkje fornøgd med informasjon vi har gitt, eller korleis vi har utført ei teneste for deg? Då må du kontakte oss så snart som mogleg og fortelle oss kva du ikkje er fornøgd med.
Vi behandlar klager som handlar om kundeforhold fortløpande. Normalt vil vi kunne gi deg eit svar innan tre arbeidsdagar.
Vi gjer det vi kan for å danne oss eit heilskapleg bilde av klaga. Dersom vi treng meir tid enn 14 dagar for å behandle klaga, får du ei skriftleg tilbakemelding om vidare saksgang. Dersom vi ikkje er einige vil du få ei forklaring, saman med informasjon om at du kan ta saka vidare til ei nemd.
For å kunne behandle ei reklamasjon eller klage, treng vi at du skriftleg gjer greie for kva du ikkje er fornøgd med. Bruk kontaktskjemaet under, eller send eit brev til Sparebanken Sogn og Fjordane, Langebruvegen 12, 6800 Førde.

Reklamere på korttransaksjon

Har du handla med VISA og ikkje fått vara di, eller leverandøren har gått konkurs, kan du krevje kortselskapet for pengane. Det same gjeld dersom du oppdagar ukjende transaksjonar, er belasta for feil beløp, eller om transaksjonar er belasta dobbelt på kortet ditt. Før du reklamerer må du først ta kontakt med den aktøren du handla hos for å prøve å få refundert beløpet. Dersom du ikkje når fram med det kan du fremme ein reklamasjon via banken. Hugs å ta vare på dokumentasjon frå dialog med brukarstad.
Er kortet ditt stole og misbrukt, så må du anmelde saka til politiet. Legg ved kopi av anmeldelsen.
Reklamasjonsrettigheitene gjeld ikkje når du betaler i vanleg betalingsterminal i Norge med BankAxept eller betaler frå bankkonto.
Reklamasjonane på korta våre går via Evry. Kontakt dei på telefon eller e-post.
Telefon: 21 49 23 78