4 studentjobbar

Skal du ta teknologiutdanning i Førde? Vi har fire ledige deltidsstillingar til studentar; tre på kundesenteret og èi hos Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Arbeidsoppgåver Kundesenter

  • Vere med å sikre at kundane våre får hjelp i første kontaktpunkt, og svare på spørsmål om banken sine produkt og tenester
  • Svare på henvendelsar på telefon, e-post eller chat
  • Fokus på effektivisering og automatisering av interne prosessar tett i samarbeid med forretningsutvikling og lokalkontora våre

Arbeidsoppgåver Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

  • IT- og kommunikasjonsrelaterte oppgåver, som oppretting/drift av nettsider og innhaldsproduksjon på desse
  • Høve for å medverke til (og evt. få ansvar for) å utvikle ulike prosjekt vi tar initiativ til
  • Oppgåvene vil tilpassast til studenten
  • Stillinga vil truleg ha oppstart 2-3 veker seinare enn banken og dei øvrige bedriftene

Kva er Studentjobb-prosjektet?

Studentjobb-prosjektet består av fleire titals bedrifter i Sunnfjord som tilbyr studentar i Førde relevant deltidsjobb. Prosjektet er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Sunnfjord Utvikling, Høgskulen på Vestlandet og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Du kan få tilbod om relevant deltidsjobb medan du studerer, viss du skal begynne på ei av desse linjene i Førde:
  • Automatisering m/robotikk (inkl y-veg, stud.med fagbrev)
  • Elkraftteknikk (inkl. y-veg)
  • Byggingeniør (inkl. y-veg)
  • Informasjonsteknologi

Korleis søker eg?

Det er ingen søknad som skal sendast inn. Det einaste du treng å gjere er å fylle ut skjemaet i linken nedanfor om kva bedrifter du ønskjer kontakt med. Alle studentar vil bli kontakta med tilbod om jobbintervju når ein aksepterer tilbodet om studieplass.
Kontakt bedriftene
Sjå alle bedriftene som er med i prosjektet