Økonomikonsulent

Vi har ledig ei stilling som økonomikonsulent ved økonomiavdelinga i Førde. I tillegg til å jobbe ved økonomiavdelinga skal du jobbe med lønn- og lønnsadministrasjon på HR-avdelinga.
Er du nøyaktig, effektiv, god på kommunikasjon og til å skape tillit kan du vere den vi er på jakt etter.
Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og i hovudsak omfatte:
  • Hovudansvar for handtering av inngåande fakturaer
  • Hovudansvar for dagleg avstemming mellom økonomisystemet og undersystema
  • Rekneskapsføring
  • Handtering av lønn saman med ein anna erfaren HR-konsulent
  • Følgje opp arbeidsflyt og godkjenning i løns- og personalsystemet
  • Effektivisering av arbeidsprosessar
Til stillingane søkjer vi deg som:
  • er positiv, serviceinnstilt, utviklingsorientert og engasjert
  • har utdanning på høgskulenivå innanfor økonomi/rekneskap
  • har god kunnskap om rekneskap og lønn
  • har erfaring med bruk av excel
Vi legg vekt på at du er nøyaktig, effektiv, strukturert og har god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner.
Banken nyttar økonomisystemet BGL, som er ei banktilpassa utgåve av systemet Unit 4 (tidlegare Agresso). HR avdelinga nyttar systemet SD Worx (tidlegare Aditro) til løns- og personalsystem. Kjennskap til desse programma vil vere ein fordel.
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis samt gode pensjons- og forsikringsordningar. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. 
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte økonomisjef Ingeborg Aase Fransson tlf. 481 67 075 eller HR direktør Eirik Rostad Ness tlf. 951 22 583.

Fakta om stillinga

Søknadsfrist:
10.08.2022

Kontorstad:
Førde

Kontakt:
Økonomisjef Ingeborg Aase Fransson:
481 67 075
HR-direktør Eirik Rostad Ness:
951 22 583
Søk her
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.