Møt kunderådgjevar Mats

Etter 17 år som aktiv fotballspelar tok han steget inn i bankverda. No er Mats (34) kunderådgjevar hos Sparebanken Sogn og Fjordane i Stryn.
– Den første tida mi i banken har vore fin med gradvis progresjon og utfordrande arbeidsoppgåver. Eg har blitt tatt veldig godt imot av kollegane mine i Stryn og fått god oppfølging, seier Mats Solheim.

Flytta heim med familien

Mange kjenner nok igjen 34-åringen frå fotballbana. Han starta i Loen og Stryn, før profflivet venta i Sogndal, Kalmar, Hammarby og Stabæk. Då Mats la skoa på hylla hausten 2021, hadde han eigentleg halvanna år igjen av kontrakten hos Stabæk.
– Då jobben i Stryn vart lyst ut såg eg på dette som ei fin utfordring og moglegheit til å «flyte» over i ein anna arbeidsmarknad. Eg kjende at denne jobben verkeleg var ei utfordring eg kunne tenke meg, og derfor valde eg å avslutte karrieren litt tidlegare, forklarer Mats.
Jobben som kunderådgjevar på privatmarknaden i Stryn vart landa, og dermed flytta han heim til Loen saman med sambuaren Ina-Mari og deira to søner hausten 2021.

Slik har starten vore

Medan Mats var profesjonell fotballspelar tok han årsstudium i idrett, og bachelor i administrasjon og leiing. Framleis er han fersk i si nye karriere, men han fortel at han har fått god opplæring den første tida. Spesielt av mentor og kollega i Stryn, Aslaug Valaker.
Som ny kunderådgjevar i banken får alle sin eigen mentor i starten.
– Arbeidsdagane er innhaldsrike, og det er mykje å henge fingrane i. I starten handla det meste om å lære seg systema og finne arbeidsmetodar. Eg fekk tidleg prøve meg på både lånesaker og kundemøte. No er eg innom veldig mange ulike emne, med hovudvekt på lånesaker, seier Mats.
– Kva er det som motiverer deg mest med jobben din?
– Det er at ein får lære utruleg mykje ny kunnskap i denne jobben, og at eg får vere i kontakt med mange menneske. Her er også eit godt arbeidsmiljø, som også er ein motivasjon i seg sjølv, seier kunderådgjevaren.

FAKTA OM MATS:

Namn: Mats Solheim
Alder: 34
Stilling: Kunderådgjevar privatmarknad i Stryn
Fartstid i banken: Sidan hausten 2021
Utdanning: Bachelor i administrasjon og leiing, årsstudium i idrett
Fritidssyssel: Vere med familie og vener. Er veldig glad i natur, og fjellturar er noko eg set stor pris på. Elles er eg glad i trening, brettspel, fotball, sport generelt, musikk, film, bøker, måle måleri m.m.

Vil du jobbe hos oss?

Sjekk ut alle stillingsannonsene våre – og bli kjent med fleire av våre tilsette.
Sjå dei ledige stillingane