Leiar betaling

Vil du bli Sparebanken Sogn og Fjordane sin nye leiar for betaling?
Betalingsområdet er breitt og famnar om alt frå kontantar og kortbetaling til autentisering og internasjonale regelverk. Det treffer både privat- og bedriftsmarknaden. Sparebanken Sogn og Fjordane er no på jakt etter ein leiar betaling som vil ha det overordna ansvaret for betalingsområdet.
SSF har starta prosessen med å gå inn i Sparebank 1 alliansen, og du vil vere sentral i å bygge opp fagområdet betaling på nytt for å forberede overgangen. Stillinga som leiar betaling er nyoppretta, og du vil få det overordna ansvaret for fagområdet, på tvers av heile banken. Du vil få eigarskap og styring over prosessane knytt til å utøve dette arbeidet for heile føretaket. Rolla krev god kjennskap til og forståing for både det tekniske og det prosessuelle innan betalingsområdet. Dette inkluderer kontantar, konto- og kortbetaling, nett- og mobilbetaling (Apple Pay, Google Pay m.fl), autentisering (BankID m.m.). Du vil ha ansvar for produkt for både privat- og bedriftsmarknaden.
Etter overgangen til SpareBank 1 vil rolla leiar betaling vere banken sin representant inn mot alliansen på betalingsområdet. Her vil du samarbeide med kollegaer innan betalingsområdet i dei andre bankane, og får eit sterkt fagleg nettverk. Dette krev at du har sterke samarbeidsevner, samtidig som du er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne.
For den rette kandidaten kan stillinga medføre personalansvar for betalingsmiljøet i banken. Leiar betaling vert organisert i ein av forretningsdivisjonane (Privatmarknad eller Bredriftsmarknad) og vil rapportere til direktør for divisjonen.

Dine arbeidsoppgåver

Leiar betaling må trivast med å kombinere det strategiske ansvaret som ligg til rolla med å vere operativ og styre og delta i det daglege arbeidet. Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:
  • Vidareutvikle målbilete for betalingsområdet, og sørge for at dette støtter banken sin strategi.
  • Sikre ein god overgang for SSF til SpareBank 1 for betalingsområdet
  • Sikre etterleving av lover og eksterne krav
  • Representere SSF i alliansen på betalingsområdet
  • Overordna produktansvar for alle betalingsprodukt

Dine kvalifikasjonar

  • Utdanning på bachelor- eller masternivå innan økonomi, produkt og tenesteutvikling eller teknologi. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring frå bank og betaling, gjerne tilsvarande rolle
  • Teknisk forståing av betalingsprosessar
  • Kjennskap til regelverk som regulerer betalingsområdet

Dine personlege eigenskapar

  • Du er nysgjerrig og set deg raskt inn i nye løysningar
  • Analytisk og strukturert
  • Gode samarbeidsevner, men arbeider også godt sjølvstendig
  • Vilje til å halde deg fagleg oppdatert
  • Proaktiv og med evne til å sette i gang og fullføre aktivitetar
  • Evne til å stå med ansvar når situasjonen krev det
Som arbeidsgjevar kan vi tilby ei spennande og utfordrande stilling med god moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis og gode pensjons- og forsikringsordningar. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Dersom dette høyrest interessant ut, eller du har spørsmål til stillinga, ta kontakt med Teknologidirektør Reiel Haugland, tlf 41027905. Vi gler oss til å høyre frå deg!

Fakta om stillinga

Søknadsfrist:
3. oktober 2023
Kontorstad:
Førde
Kontakt:
Reiel Haugland, 41027905
Søk på stillinga
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 70 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.