Vi har ledig stilling som kunderådgjevar privatmarknad i Sogndal.
Søknadsfrist 05.12.2021
Vi søkjer ein dyktig kunderådgjevar som kjenner og har relasjonar i marknaden. Vi er interessert i deg som ønskjer å vere med på å gje gode kundeopplevingar og å bidra til vår vekst i Sogndal.

Arbeidsoppgåver

  • Finansiell rådgjeving og kundeservice
  • Oppfølging og aktivitetar mot privatkundar
  • Kundepleie, samt utvikle eiga kundeportefølje
  • Aktivt sal og marknadsføring av banken sine produkt og tenester

Personlege eigenskapar

  • Har høgare utdanning og interesse for økonomi
  • Er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt
  • Kan skape tillit og gode relasjonar
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • Er Autorisert Finansiell Rådgjevar, eller ønskjer å bli det
  • Har solid vurderingsevne og er trygg i relasjon med kunde
  • Evne til å kommunisere tydeleg, og forstå behov i organisasjonen og hos kundane

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande stilling med god moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit veldig godt arbeidsmiljø med gode kollegaer som vil ta godt imot deg
Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakte regionbanksjef Laila Ruud, tlf. 48167160.
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.