Kunderådgjevar privatmarknad kundesenter

Søknadsfrist 24.10.2021
Vi har ledig spennande stillingar som kunderådgjevar privatmarknad på kundesenteret vårt i Førde.
Kundesenteret er i stadig utvikling og endring, og vi har no ledig både faste stillingar og vikariat. Vi oppmodar nyutdanna til å søkje. Kundesenteret har utstrakt kundedialog med mange ulike oppgåver som vil bli løyst direkte for kundane. Dette gjer at ein har ein variert arbeidsdag med ulike arbeidsoppgåver.
Er du kompetent og motivert, trivst med kundepleie og kan skape tillit og gode relasjonar er du kanskje den vi er på jakt etter?


Arbeidsoppgåver

  • Vere med å sikre at kundane våre får hjelp i første kontakt med banken
  • Kundepleie og sal over telefon, e-post og chat
  • Bidra i arbeidet med å tilby gode løysingar for bank og kunde
  • Ansvar for oppfølging av kundar og utvikling av mål og servicegrad
  • Fokus på effektivisering og automatisering av interne prosessar i tett samarbeid med forretningsutvikling og lokalkontora våre


Personlege eigenskapar

  • Positiv lagspelar med gode samarbeidsevner
  • Utprega serviceinnstilling og god vurderingsevne
  • Proaktiv, strukturert og engasjert
  • Oppteken av å drive utvikling og skape resultat
  • Evne til å kommunisere tydeleg, og forstå behov i organisasjonen og hos kundane
  • Høgare, relevant utdanning og interesse for økonomi. I stillinga er det krav om autorisering, eller at ein ønskjer å ta dette.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande stilling med god moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit veldig godt arbeidsmiljø med gode kollegaer som vil ta godt imot deg
Nærare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte leiar på kundesenteret Stine Austreim Olsen, tlf. 95926027
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.