Vi har fokus på å gi kunden den beste rådgjevinga – i kombinasjon med god lokalkunnskap er dette Sparebanken Sogn og Fjordane si største styrke.
Søknadsfrist 31.01.2022
Vi veks, og søkjer derfor etter ein dyktig kunderådgjevar til vårt kontor i Florø. Du vil få ansvar for å følgje opp og utvikle eiga kundeportefølje gjennom god rådgjeving og tilpassa produkt, både til eksisterande og nye kundar.
Vi ser etter deg som er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt. Du er god på å sjå behov og å finne dei riktige løysingane for kundane. Du har ei solid vurderingsevne og er trygg og tydeleg i relasjon med kunden. Du trivst med å vere ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid. Det er ein fordel med erfaring frå bank.

Som arbeidsgjevar kan vi tilby interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ein innovativ og framtidsretta bank, med eit godt arbeidsmiljø og eit sterkt fagmiljø. Vi tek godt vare på dei tilsette og har fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, og vi har konkurransedyktig løn og gode pensjons- og forsikringsordningar. 
Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.
For informasjon om stillinga kontakt banksjef Ole Aukland, tlf 93 23 26 05
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.