Kunderådgjevar privatmarknad Bergen
Sparebanken Sogn og Fjordane styrkar laget. Vi har fokus på å gi kunden den beste rådgjevinga - og vi søkjer no etter fleire dyktige rådgjevarar til kontoret vårt i Bergen.
Du vil få ansvar for å følge opp og utvikle eiga kundeportefølje gjennom god rådgjeving og tilpassa produkt, både til eksisterande og nye kundar.
Trivst du med å vere der det skjer, og blir du motivert av ein variert kvardag i samspel med kjekke kollegaer og kundar? Om du får meistringsfølelse og energi i skapinga av gode relasjonar – då er du den vi er på jakt etter!
Vi ser etter deg som gjer kundereisa god. Du har fokus på å gi kunden den beste rådgjevinga og avdekker behov og finn dei riktige løysingane. Du trivst med å vere ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid. Du har høgare utdanning og er autorisert innan kreditt, forsikring og sparing. Relevant erfaring kan vege opp for krav til utdanning. Dersom ein ikkje er autorisert legg vi til rette for å gjennomføre og bestå denne sertifiseringa.
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.
Hos oss er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Kontorstad: Bergen
For informasjon om stillinga kontakt banksjef Torunn Steimler, tlf 988 28 536