Konsulent økonomisk kriminalitet - vikariat

Ønskjer du å bidra i arbeidet mot økonomisk kriminalitet? Vi har no ledig eit årsvikariat.
Økonomisk kriminalitet endrar stadig form, og problemstillingane blir meir komplekse. Vi ser etter deg som evnar å sjå, forstå og analyserer ulike indikatorar innan området. Har du erfaring frå bank og kjennskap til analyseverktøy er det ein stor fordel.

Konsulent økonomisk kriminalitet vil bli tilsett på avdeling økonomisk kriminalitet, som ligg under avdeling forretningsstøtte. Du vil arbeide i tett samspel med datavarehus, forretningsutvikling, samt banken sine andre fagavdelingar. Stillinga vil ha hovudfokus på å utbetre system og prosessar gjennom effektiv bruk av digitale verktøy og data.
Er det du som skal vere med å løyse komplekse problemstillingar i lag med vårt kompetente team?

Arbeidsoppgåver

  • Utbetre prosessar og system
  • Analysere kundedata opp mot ulike risikoindikatorar samt identifisere modus og trendar
  • Utvikle nye og eksisterande scenario til bruk i transaksjonsmonitorering
Vidare vil ein bidra i det operative arbeidet på avdelinga med å analysere enkeltsaker opp mot banken si risikovurdering.

Eigenskapar og kompetanse

  • Du har relevant høgare utdanning innanfor økonomi, informatikk, matematikk, statistikk eller liknande, og relevant arbeidserfaring gjerne frå bank.
  • Erfaring med analyseverktøy
  • Utviklings- og løysingsorientert
  • Interesse for eller god erfaring med arbeid knytt til økonomisk kriminalitet, samt lovar og reglar på området er ein klar fordel
  • Strukturert, sterk drivkraft og god gjennomføringsevne
  • Evne til å kommunisere godt og tydeleg, både på norsk og engelsk
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjerdsler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakte leiar økonomisk kriminalitet Elise Landøy Optun, tlf. 951 129 73.
Arbeidsstad: Førde, fleksibel heimekontorløysing.

Fakta om stillinga

Søknadsfrist:
20.03.2023

Kontorstad:
Førde, fleksibel heimekontorløysing

Kontakt:
Leiar økonomisk kriminalitet,
Elise Landøy Optun:
951 12 973
Søk på stillinga
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 70 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.