Har du erfaring med sal av forsikring? Er du ein dyktig og engasjert relasjonsbyggjar? Sjå her!
Søknadsfrist 31.01.22
Sparebanken Sogn og Fjordane er medeigar i Frende Forsikring. Vi søkjer etter forsikringsrådgjevar som skal jobbe mot eksisterande og nye forsikringskundar på bedriftsmarknaden. Kontorstad er Førde.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte:
  • Sal, rådgjeving og vedlikehald i bedriftskundemarknaden
  • Medansvarleg for aktivitet, sal og bestandsutvikling på livs- og skadeforsikring
  • Ansvar for å byggje og utvikle forretningsrelasjonar
Til stillinga søkjer vi deg som:
  • Har høgare utdanning og/eller relevant erfaring
  • Er engasjert, initiativrik og er utprega sals- og serviceinnstilt
  • Kan skape tillit og gode langsiktige relasjonar
  • Kan arbeide både sjølvstendig og i team
  • Er offensiv, resultatorientert og målretta
Som arbeidsgjevar kan vi tilby interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ein innovativ og framtidsretta bank, med eit godt arbeidsmiljø og eit sterkt fagmiljø. Vi tek godt vare på dei tilsette og har fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, og vi har konkurransedyktig løn og gode pensjons- og forsikringsordningar. 
Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.
For informasjon om stillinga kontakt avdelingsleiar Tor Ulsten, tlf 90 86 97 04

Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.
StillingstittelSøknadsfrist
Kunderådgjevar Florø31.01.22Sjå meir og søk
Open søknad2025Sjå meir og søk