Fagansvarleg svindel
Har du lyst til å førebygge svindel eller hjelpe kundar som har blitt utsett for svindel? Er du analytisk og brenn for gode prosessar? Som eit ledd i å styrke satsinga vår i dette arbeidet ser vi no etter fagansvarleg svindel.
Som fagansvarleg svindel vil du arbeide tett med avdeling for økonomisk kriminalitet, betalingsområdet i banken og banken sine advokatar. Stillinga vil også ha tett samspel med kundesida i banken og andre fagavdelingar. Du vil også inngå i banken sitt svindelutval.
Stillinga vil ha hovudfokus på å førebygge, avdekke og avgrense svindel, og løpande rapportering til leiinga i banken.
Er du den vi er på jakt etter? Svindelmetodane endrar seg og blir stadig meir komplekse. Vi ser etter deg som evnar å sjå, forstå og analysere ulike indikatorar for svindel. Du interesserer deg for fagfeltet og det er ein ein stor fordel om du har erfaring frå arbeid med analyse, rapportering og førebyggande arbeid.
Du er utviklings- og løysingsorientert og du trivst med å løyse komplekse problemstillingar i lag med eit kompetent team.
Eigenskapar og kompetanse
- Du har høgare akademisk utdanning
- Du har erfaring fra bank/finans, eller tilsynsmyndigheit. Anna erfaring kan også vere relevant
- Du er strukturert, har ei sterk drivkraft og god gjennomføringsevne
- Du har gode samarbeidsevner og du held deg fagleg oppdatert
- Du er sterk på prioritering
- Du evnar å kommunisere godt og tydeleg, både på norsk og engelsk
- Du har god IT-kunnskap
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.
Hos oss er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Har du spørsmål om stillinga kontakt fagansvarleg HR Lillian Loen, tlf. 905 70 484/ lillian.loen@ssf.no
Har du spørsmål om stillinga kontakt fagansvarleg HR Lillian Loen, tlf. 905 70 484/ lillian.loen@ssf.no