Eigedomsmeklar i Nordfjord

Søknadsfrist 26.09.2021
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er på jakt etter eigedomsmeklar i Nordfjord. Til denne stillinga søker vi deg som blir motivert av gode kundeopplevingar, skapar gode relasjonar og tillit i marknaden.
Du er:
• Fagleg dyktig
• Minimum fullført eigedomsmeklarstudie (eigedomsmeklarfullmektig)
• Sal- og resultatorientert
• Flink til å skape tillit og relasjonar, og likar kontakt med menneske
• Nøyaktig og målretta
• Fleksibel og likar å jobbe i team
• Ein positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
• Ei spennande og utfordrande stilling i ein organisasjon i vekst
• Konkurransedyktige lønnsvilkår
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Nærare informasjon om stillinga kan du få ved å kontakte dagleg leiar Frank Robert Klakegg på tlf: 958 81 388
Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS er eit dotterselskap av Sparebanken Sogn og Fjordane. Selskapet har i dag totalt 20 medarbeidarar fordelt på kontora i Bergen, Førde, Florø, Stryn, Nordfjordeid og Sogndal, og har ein omsetnad på ca. 30 millionar kroner.