Ansvarleg leverandørstyring - IT

Er du ein god relasjonsbyggar med IT-kompetanse og lovkunnskap? Då treng vi deg!
Sparebanken Sogn og Fjordane leitar etter ein ansvarleg for leverandørstyring – IT (Key Vendor Manager - IT) som kan ta hovudansvaret for den overordna leverandøroppfølginga av våre viktigaste og kritiske systemleverandørar. For banken er denne stillinga eit viktig ledd i å styrke kompetansen innan leverandøroppfølging.
Dette er ei nyoppretta stilling som vil ha som hovudansvar å følgje opp banken sine eksterne leverandørar innan IT-området. Stillinga kan også innebere systemeigarskap til fleire av banken sine viktigaste IT-system. Du vil samarbeide tett med IT-avdelinga, innkjøp, system- og produkteigarar for å sikre at banken har gode tekniske løysingar med riktig kvalitet i samsvar med lovgiving og banken sine behov og retningslinjer. Stillinga rapporterer til teknologidirektør og vil vere ein del av teknologimiljøet i banken.

Hovudansvarsområde og -arbeidsoppgåver er:

  • Ansvarleg for operasjonell oppfølging av eksterne leverandørar innan IT-området, inkludert utkontraktert verksemd
  • Styring og kontroll av leverandørar, inkludert tilgangsrettigheitene desse har, IKT-sikkerheit og personvern hjå leverandøren
  • Sikre nødvendige og korrekte krav til SLA og KPI målepunkt i leverandørane sine løysingar gjennom kontraktsstyring og oppfølging av leverandørane.
  • Vere ein rådgjevar og forhandlingsleiar i innkjøpsprosessar for IT-system og IT-utstyr
  • Sikre at alle tekniske og organisatoriske grenseflater mot leverandørar og system er godt dokumentert
  • Arbeide saman med IT og andre system- og produkteigarar for å sikre at banken føl beste praksis for leverandørstyring
  • Leie møteplassar og arbeidet for oppfølging av tenestekvalitet og samhandling
  • Leie prosjekt og leveransar knytt til driftsoptimalisering
  • Planlegge, strukturere og gjennomføre leverandørevalueringar
  • Forbetringsarbeid og strategi for området

Dine kvalfikasjonar

  • Utdanning på bachelor- eller masternivå innan IT, juss eller andre relevante fag. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid eller rolle
  • Erfaring med SLA, endringsleiing og forhandlingar
  • Gjerne erfaring med prosjektleiing
  • Gjerne kjennskap til relevant lovverk som IKT-forskrifta og Finanstilsynet sin vegleiar for utkontraktering

Dine personlege eigenskapar

  • Du er nysgjerrig og set deg raskt inn i nye løysningar
  • Gode relasjonseigenskapar
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
  • Vilje til å halde deg fagleg oppdatert
  • Analytisk og strukturert
  • Proaktiv og med evne til å sette i gang og fullføre aktivitetar
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjerdsler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Kontorstad: Førde
Dersom dette høyrest interessant ut, eller du har spørsmål til stillinga, ta kontakt med teknologidirektør, Reiel Johan Haugland, tlf.: 410 27 905. Vi gler oss til å høyre frå deg!

Fakta om stillinga

Søknadsfrist:
05.12.2022

Kontorstad:
Førde

Kontakt:
Teknologidirektør Reiel J. Haugland:
410 27 905
Søk her
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 70 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.