Slik er kvardagen som rådgjevar

Som kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane er Anders (43) tett på kundane og viktige val som skal takast. Det er ein av mange ting han likar med jobben sin.
– Den tette dialogen ein har med kundane er motiverande. Eit kundecase som eg må rekne litt på før eg presenterer det, det synast eg er moro. Det er ikkje alltid ei lett øving, men ein kjem langt med å gjere sitt beste og vise at ein bryr seg.
Det seier Anders Nydal, som jobbar som kunderådgjevar på privatmarknaden i Førde.

– Eg kjenner kundane og kundane kjenner meg

Jobben som kunderådgjevar har han hatt sidan 2015, og han har dermed blitt godt kjent med mange kundar. Som kunde i Sparebanken Sogn og Fjordane har ein direktenummeret til rådgjevaren sin.
– Eg kjenner kundane og kundane kjenner meg. Og når ein kjem i kontakt med nye kundar gjennom noverande kundar, så gir det ein ekstra boost i kvardagen, seier Anders.
Han fortel at akkurat dette med tett kundekontakt var noko av det som freista med jobben den gangen i 2015.
– Ein arbeidsdag her kan variere veldig, og den er ofte kundestyrt. Kundane har forskjellige problemstillingar ein må setje seg inn i og gi dei tilbakemelding. No for tida er det gjerne henvendingar frå kundar som vil kjøpe sin første bustad som tar kontakt, forklarer rådgjevaren.

– Vi finn løysingar og svar i Sparebanken

I banken er det mange ulike avdelingar og fagmiljø. Nettopp det å vere ein del av eit større miljø, er noko Anders også vil trekke fram som ei positiv side av jobben.
– Det er eit veldig støttande miljø her i banken. Eg set pris på at så mange er på tilbodssida og står til teneste om det ein lurer på. Ein får tatt opp problemstillingar internt på avdelinga mi, eller gjerne mot andre avdelingar som for eksempel depot, forsikring eller eigedomsmekling, seier Anders.
– Samarbeidsklimaet her er godt, og eg verdset det breie fellesskapet vi har med kunden i fokus. Vi finn løysingar og svar i Sparebanken, avsluttar han.
No kan du bli kollega med Anders og dei andre på privatmarknaden i Førde. Banken har ledig stilling som kunderådgjevar med søknadsfrist 17.03.2022.

FAKTA OM ANDERS:

Namn: Anders Nydal
Alder: 43
Stilling: Kunderådgjevar privatmarknad
Fartstid i banken: Sidan 2015
Utdanning: Idrett grunnfag, og 3-årig bachelor i økonomi og administrasjon ved HISF
Fritidssyssel: Har begynt å få eit langt liv som skyttar. Har deltatt på Landskyttarstevnet 26 gangar. I Covid-19-tida har eg fått dilla på golf. Elles blir det nokre skiturar, fotturar og jaktturar i fjellet i løpet av året.

Vil du jobbe hos oss?

Sjekk ut alle stillingsannonsene våre – og bli kjent med fleire av våre tilsette.
Sjå dei ledige stillingane