IT-konsulent

Sparebanken Sogn og Fjordane er eit konsern i kontinuerlig vekst og med ambisiøse målsetingar. IT- drift spelar ei sentral rolle i banken, og vi søker no etter deg som ønsker ei utfordrande stilling i ein bransje i stor IT utvikling.
Arbeidsoppgåver vil i hovudsak omfatte:
  • Drift av banken sin IT Infrastruktur
  • Klientleveranse (Windows, MacOS og mobile løysingar)
  • Medverke på 2. og 3. linje support mot banken sine tilsette
  • Delta i interne forum og prosjektarbeid
Eigenskapar og kompetanse
  • God kjennskap til Microsoft Azure og Microsoft 365
  • Kjennskap til Exchange Online
  • Dyktig lagspelar, men har stort driv og engasjement i sjølvstendig arbeid
  • Serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Trivast i eit til tider høgt tempo
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.

Fakta om stillinga

Søknadsfrist:
11.08.2022

Kontorstad:
Ikkje spesifisert

Kontakt:
Teknologidirektør Reiel Haugland:
419 27 905
Leiar IT Cathrin Iren Barstad:
959 09 264
Søk her
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 270 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.