Val av innskytarrepresentantar til Generalforsamlinga

Som innskotskunde i Sparebanken Sogn og Fjordane har du stemmerett ved val av representantar i banken sitt øvste organ; generalforsamlinga. No kan du kome med forslag til kven som bør representere innskotskundane.

Du kan føreslå kandidatar

Frist for innmelding av forslag er 1. februar. Send dine forslag til leiar i valnemnda Marit Lunde: malunde62@gmail.com. Få med kandidatnamn, fødselsår og -dato, yrke og adresse når du sender forslag. Etter at fristen er gått ut, vil valnemnda sette opp valliste med forslag til kandidatar.

Dagens generalforsamling

Blant dei innskytarvalde skal det i år veljast inn 3 medlemer og 1 varamedlem til generalforsamlinga. Desse blir valt inn for 4 år.

Her finn du oversikt over medlemer og varamedlemer i dag, og kven som er på val blant dei innskytarvalde.

Kven kan veljast?

Kun myndige personar med bustadadresse i eit av valdistrikta kan veljast.
Dette er dei tre valdistrikta:
Nordfjord og Volda: Bremanger, Gloppen, Stad, Stryn og Volda kommune
Sunnfjord: Askvoll, Fjaler, Kinn og Sunnfjord kommune
Sogn og Bergen: Aurland, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Sogndal, Solund, Luster, Lærdal, Vik, Årdal og Bergen kommune
I år står føljande på val: 2 medlemer frå Sunnfjord, 1 vara frå Nordfjord og 1 medlem frå Sogn.

Praktisk om valet

Som innskotskunde i Sparebanken Sogn og Fjordane kan du stemme på medlemer og varamedlemer frå alle dei tre valdistrikta, og det er ikkje krav om bestemt bustadadresse for å ha stemmerett. Dessutan har juridiske personar stemmerett. Meir informasjon om dette kjem når valdagane nærmar seg.

Valperiode

Valet gjeld for ein periode på fire år. Funksjonstida startar når årsoppgjeret for føregåande kalenderår er endeleg behandla og nye medlemer er valde.

Korleis avgi stemme?

Du kan stemme elektronisk. Har du registrert e-postadresse i banken, får du informasjon om dette i e-post frå oss 1. mars. Juridiske personar sin fullmektig møter på eitt av bankkontora for å stemme.

Kven kan stemme?

Myndige innskotskundar i Sparebanken Sogn og Fjordane som har og i dei siste 6 månadene før valet har hatt eit innskot i banken på minst kr 2 500,- har stemmerett når det skal veljast medlemer til generalforsamlinga mellom innskytarane. Også juridiske personar, som til dømes aksjeselskap, lag og organisasjonar, har stemmerett. Den som vil stemme på vegner av ein juridisk person må legge fram fullmakt frå innskytaren og møte ved eit av banken sine kontor for å stemme.
Innskytarvalet blir 1. og 2. mars 2023

Kva gjer generalforsamlinga?

Som det øvste organet i banken er det generalforsamlinga som skal godkjenne årsrekneskapen og årsmelding til banken. Dei har også ansvar for å godkjenne val av leiar, nestleiar og dei andre medlemmene og varamedlemmene i styret, med unntak av medlemmer og varamedlemmer som valde av dei tilsette.
Les meir om dei leiande organa i banken og kva oppgåver generalforsamlinga har.