Nye reglar for kortbruk når du handlar på nettet

Frå 1. januar 2021 blir det stilt krav om sterk kundeautentisering for alle elektroniske betalingar i EU/EØS-område. Det betyr at du ikkje kan handle på nettet utan BankID eller anna godkjent tofaktorløysing. Dette vil også gjelde kjøp i enkelte appar.
I Norge er dei fleste av oss godt vant med bruk av BankID eller anna type autentisering i forbindelse med banktenester og handel på nettet. Det nye kravet vil no gjelde alle nettbutikkar og gjeld for alle våre kundar som har Visa Debet, Visa Classic eller Visa Kreditt.
Nettbutikkane må oppgradere systema sine
Hovudregelen vil frå 1. januar vere at du må stadfeste betalinga med såkalla 3D-Secure (ein global standard som blir brukt for å sikre sterk kundeautentisering). Dersom nettbutikken ikkje støttar 3D-Secure, kan betalinga bli avvist. Vi anbefaler å prøve ein annan nettbutikk, eller vente til nettbutikken oppgraderer betalingssystemet sitt.
Det er EU sitt betalingsdirektiv, PSD2, som innfører dette kravet. Målet er å redusere risikoen for svindel, og auke sikkerheita rundt netthandel og betalingar som blir gjennomført i EU/EØS.

Du identifiserer deg med to av tre alternativ:

Kva bør du gjere?

Har du ikkje BankID? Logg deg inn i nettbanken og bestill BankID.

Har du BankID og bruker kodebrikke, kan du vurdere å skaffe deg BankID på mobil eller BankID-appen. Då har du alt du treng på mobilen.

Bruker du Vipps til netthandel?

Dei første månadane i 2021 vil du oppleve å måtte godkjenne fleire betalingar med BankID enn tidlegare, og at du ikkje får betalt med Vipps alle plassane du er vant med.
Endringane som kjem ved nyttår gjeld netthandel og vennebetaling med kort, men ikkje vennebetalingar frå konto.
Har du fleire ulike betalingskort bør du legge desse inn i Vipps, slik at du har nokre alternativ tilgjengeleg.

Ting folk lurer på