Det er mykje å tenke på når du skal kjøpe eller bytte bustad. Vi ønsker å bidra til å gjere deg trygg på at du tek dei rette vala i denne spennande prosessen.
Gjeldsgrad
Forholdet mellom bruttoinntekta og den samla gjelda di.
Forholdet mellom bruttoinntekta og den samla gjelda di.
Beteningsevne
Her ser vi på evna til å kunne betale lån og andre utgifter. Dette inkluderer også evna di til å tole ein renteauke.
Her ser vi på evna til å kunne betale lån og andre utgifter. Dette inkluderer også evna di til å tole ein renteauke.
Belåningsgrad
Forholdet mellom marknadsverdien på bustaden og lånebeløpet.
Forholdet mellom marknadsverdien på bustaden og lånebeløpet.
Korleis oppnå 15% eigenkapital?
Oppsparte midlar
Er du under 34 år anbefaler vi deg til å spare i BSU (Bustadsparing for unge). For å få framdrift på sparinga di, set gjerne opp ein spareavtale. Dess meir du klarar å spare, dess mindre lån treng du. Sjå meir om BSU her.
Bruk av kausjonist
Som ung kan vere vanskeleg å spare opp fleire hundre tusen kroner i eigenkapital. Kanskje kan eit familiemedlem stille som kausjonist for deg, ved å sette delar av bustaden sin i pant? Snakk med rådgjevaren din og ein eventuell kausjonist for å høyre om dette kan vere aktuelt. Kausjonisten kan lese meir om dette ansvaret her.
meirennbank.no om bustadkjøp

Slik går eit bustadkjøp føre seg
Skal du kjøpe bustad for første gang? Les om kva banken vurderer når du søker lån, og korleis eit bustadkjøp føregår.

Bloggserie: Slik kjøper du bustad – Dette må du sjå etter på visning
På visning er det mange ting ein bør undersøke og ein har gjerne avgrensa med tid. Samstundes er det snakk om ei stor investering, som kanskje skal vare resten av livet. Derfor er det lurt å førebu seg godt.