Har du foreldre eller andre nære som slit med å bruke nettbank, mobilbank og andre nettenester? Her er korleis du kan hjelpe dei på ein trygg og korrekt måte.

Bli disponent på andre sin konto

Vil du hjelpe ein som synast mobil- og nettbank er vanskeleg, er den vanlegaste løysinga å bli disponent på kontoen. Då får du tilgang til kontoen frå din eigen mobil- og nettbank og du kan betale rekningar med eigen BankID. Ryddig og enkelt.

Ein disponent kan:
  • Betale rekningar og overføre mellom kontoar
  • Få oversikt over konto og transaksjonar
  • Opprette nye betalingsavtalar i nett- og mobilbanken

Korleis blir du disponent?

  • Den som eig kontoen må legge deg til som disponent i mobil- eller nettbanken sin
  • Dette gjer du under kontoinnstillingar på den aktuelle kontoen
  • Begge må vere kunde i banken. Bli kunde her.
  • Har ikkje kontoeigar nettbank, må vedkomande kontakte kundesenteret vårt

Ikkje lån andre sin BankID

Vi minner om at BankID er personleg og ikkje skal delast med andre, ikkje ein gong med familiemedlemar. BankID er like juridisk bindande som personleg underskrift og skal difor berre brukast av den BankID er registrert på.

Dersom vi oppdagar at nokon brukar BankID til ein annan, har vi pålegg om å sperre BankID. Det kan skape problem, for det tar tid å rydde opp i.


Avtalegiro - god hjelp til faste betalingar

Det er både smart og enkelt å automatisere dei faste betalingane, slik at du slepp å passe på betalinga sjølv. Faste rekningar som straum, telefon og kommunale avgifter blir trekte automatisk frå konto på forfallsdato. Sjå meir og opprett Avtalegiro her.
Har de spørsmål knytt til korleis ein kan hjelpe andre med e-faktura? Kontakt kundesenteret vårt, dei kan rådgje deg.

Korleis få fullmakt hos offentlege etatar

Her kan du også få fullmakter på vegne av andre både for skattemeldinga, kommunikasjon med NAV og Helsenorge.no

Framtidsfullmakt, legalfullmakt og verjemål

Kva skjer når du ikkje klarer å ta i vare dine personlege og økonomiske interesser sjølv.

Framtidsfullmakt - Etablerer du ei framtidsfullmakt, avgjer du kven som skal ivareta dine interesser om du blir alvorleg sjuk i framtida. Det er meir fleksibelt enn offentleg verjemål.

Legalfullmakt - Dersom eit familiemedlem ikkje kan ta hand om økonomiske og daglegdagse interesser som eit følge av sinnsliding, demens eller alvorleg svekka helse, så vil legalfullmakt slå inn dersom ein ikkje har signert framtidsfullmakt. Legalfullmakt er ein rett som følgjer direkte av lova, som gir nærståande i nærare bestemt rekkefølgje høve til å betale rekningar og andre løpande utgifter, samt allereie gyldig inngåtte låneavtalar.
Verjemål - Er ei ordning for personar som treng hjelp til å ivareta sine eigne interesse. Ein kan få verje både på det økonomiske og det personlege området.

Pass opp for svindelforsøk

Mange eldre blir dessverre forsøkt svindla via det som utgir seg for å vere "gode hjelparar" som ringer og fortel at det har skjedd noko med kontoane, BankID eller kortet. Ta gjerne ein prat i familien om kva ein bør passe på, og minn kvarandre på at passord og BankID-informasjon er personleg og aldri skal delast.
Mistenker du at du eller nokon i familien har blitt svindla,
ring oss på 57 82 97 00 så fort som mogleg.
Les meir om ulike typar svindelforsøk