- Kva gjer eg når eg har mista kortet mitt?
Då må du sperre kortet ditt. Det kan du ordne sjølv i mobilbanken. Vel kortet ditt, bla heilt nederst og vel sperre kort. Evt. ring banken sitt kundesenter på telefon 57 82 97 00 (Frå utlandet + 47 57 82 97 00). Vi har alltid ope.
- Eg har gløymt Pin-koden på kortet mitt. Kva gjer eg?
Dersom du er nettbankkunde kan du logge deg inn i nettbanken. Under menyvalet "Mine kort" og "Hent PIN" kan du hente fram pin-koden på nytt. Dersom du ikkje har nettbankavtale må du kontakte Kundesenter på tlf. 57 82 97 00 eller lokal kontor.
- Kva er ein CVV2-kode?
Dette er dei 3 siste siffera du finn til høgre i signaturfeltet på kortet ditt.
- Kor tid får eg tilsendt nytt kort når det skal fornyast?
Det nye kortet vil du motta ca. den 15. i den månaden det gamle kortet går ut. Dvs. at dersom kortet ditt går ut i juli, vil det nye kortet kome til deg ca 15. juli.
- Kva er vekslingskursen når du bruker Visakort i utlandet ?
Visa Europa bruker eigne vekslingskursar når du betaler med kort i utlandet. Utgangspunktet skal vere beste kurs Visa oppnår mellom bankane denne dagen. Sjå vekslingskalkulator på www.visa.no - Kortbruk i utlandet.
- Kor lenge er kortet mitt gyldig ?
Når det til dømes står gyldig til og med 11/13 bak på kortet ditt, tyder det at kortet er gyldig ut november 2013.
- Inngår det forsikring og ulike tilleggsprodukt i Visa kortet?
Det er ingen forsikring knytta til korta Visa Classic og Visa Debet. Visa Kreditt og Visa Gold innheld reise og avbestillingsforsikring og ID-tjuveriforsikring.
- Kva beløpsgrense er det på kortet mitt?
Her finn du oversikt over beløpsgrenser på dei ulike korta våre.
- Kan eg betale inn pengar til MasterCard, utan å vente på faktura frå banken?
Ja. For å betale inn til ditt Mastercard, nyttar du kontonummer 3890 94 64800 og KIDnummer finn du på tidlegare tilsendt faktura og under detaljer på Mastercard i nettbanken.
KID-nummer for MasterCard er 000 + kontonummer. Døme: 0003950xxxxxx. 000 + kontnummer= 13 siffer.
- Kan eg overføre eller betale pengar frå MasterCard i nettbanken?
Ja. Du finn vala i "Nettbank-menyen" under "Overføring frå MasterCard". Dersom du skal betale med kortet vel "Betal med kredittkort".