Kontaktlause kort

Kan eg bruke det kontaktlause kortet på vanleg måte med Chip og PIN-kode ?

Ja, du kan bruke kortet slik som du har gjort før med Chip og PIN-kode.

Kva er skildnaden på eit vanleg kort og eit kontaktlaust ?

Med eit vanleg kort må du nytte Chip og PIN-kode, for å kunne gjennomføre eit kjøp, men det kontaktlause kortet  kan du leggje inntil terminalen og kjøpet er gjennomført.

Merk: Kortet må først aktiverast med PIN-kode.

Kva for kort kan brukast kontaktlaust ?

Dei korta vi har som inneheld den kontaktlause funksjonen er Visa Classic, Visa Debet 13-18, Visa debet og Bankkort for barn.

Korleis er sikkerheita ivaretatt i eit kontaktlaust kort?

Det er ei beløpsgrense på kor mykje du kan kjøpe for, før du må taste inn PIN-kode. Grensa er med på å minimere misbruk dersom du mister kortet. Det er og sikrare at du ikkje viser PIN-koden til personen bak deg når du betalar kontaktlaust.  Kortet kan du enkelt sperre slik at uvedkomande ikkje kan bruke det, dersom det blir stole.

Korleis veit eg at både kortet og betalingsterminalen akseptera kontaktlaus betaling

Dersom symbolet viser på både kortet og terminalen ditt kan du betale kontaktlaust. Symbolet på terminalen visast enten på displayet eller på sjølve terminalen.

 Kontaktlause kort

Korleis verkar beløpsgrensa på dei kontaktlause korta?

For beløp under 400 kroner kan du betale kontaktlaust utan PIN, og ved beløp over 400 kan du betale kontaktlaust med PIN-kode.