BankID

Problem med å logge på nettbanken med BankID?

Har du problem med pålogging med BankID. Klikk her for å finne hjelp!

Kva er BankID?

BankID er ein personleg elektronisk legitimasjon for sikker identifisering og signering på nett.

Kan eg ha fleire BankID?

Ja, du kan bestille BankID i fleire banker. Dersom du ønskjer å bestille BankID i Sparebanken Sogn og Fjordane må du logge deg i nettbanken din å bestille dette under valet Meny – Bestill BankID. Hugs at vi må ha ein kopi av passet ditt for å kunne tilby deg BankID. Dersom vi ikkje har ein kopi av passet ditt må du ta med deg
passet ditt til eit av våre kontor slik at vi får scanna dette inn i vårt system (det er ikkje godkjent med pass som du kopierer sjølv og sender inn til oss via e-post/post).

Korleis bestiller eg BankID?

For å få tilgang til BankID må du vere over 18 år. Kundar mellom 13-18 år kan også få BankID, men dette krev samtykke frå verje. BankID skal bestillast gjennom nettbanken, og du må ha kodebrikke (GO3) for å bestille BankID. Du finn BankID under valet BankID  i nettbankmenyen. Her må du stadfeste dine personalia, lage deg BankID-passord (minst 8 teikn/tal) og stadfeste avtala. BankID er klart til bruk med ein gong,  - du får altså ikkje tilsendt noko materiell. Du kan også bestille BankID ved å logge inn i nettbanken frå denne lenka.

Kan eg logge meg på med BankID i nettbanken?

Ja.

Korleis signerer eg med BankID?

Du får først presentert ei avtaleside. Her må du lese dokumentet/teksten som skal signerast. Du må også huke av for at dokument/tekst er lest og forstått. På neste bilde skjer sjølve signeringa. Du signerer ved hjelp av ditt fødselsnummer, kode frå kodebrikka og ditt personlege passord. Dersom du har logga inn med BankID, og fortsatt er i same sesjon, holder det med passord. På neste bilde kan du velje å lagre dokumentet. Vi anbefaler at du lagrer dette på di eiga datamaskin, eller skriv det ut for oppbevaring.

Kva vert meint med signering?

Ved hjelp av din BankID kan du signere avtaler, dokument, kontrakter med meir. Denne signeringa er like juridisk bindande som ei avtale signert med penn. Kunden kan signere dokument på alle BankID brukerstader som har implementert signeringsløysing. Kunden signerer ved hjelp av sitt fødselsnummer, kode frå kodebrikka og personleg passord.

Koster BankID noko?

Det kostar ingenting å nytte BankID i vår nettbank. Vi tar heller ingen gebyr for BankID på Mobil, men då kan teleoperatøren din ta betalt for bruken. Sjå prisar på deira nettsider.

Kva betyr BankID for meg?

Ved hjelp av BankID vil du kunne logge deg på/identifisere deg overfor alle brukerstader/nettstader som har tatt i bruk BankID. BankID gir deg høve til å signere dokument elekontronisk på Internett, noko som fører til at handsaming av søknader og dokument vil ta kortare tid.