BankID på mobil

Eg får feilmelding når eg nyttar BankID på mobil. Kva betyr denne?

Her er oversikt over feilmeldingar og kva dei betyr.

Kva telefonar har utfordringar i forhold til BankID på mobil?

Enkelte telefonar kan ha utfordringar med BankID på mobil. Sjå tips og informasjon her.

Eg får feilmelding når eg prøver å bestille BankID på mobil. Kva gjer eg?

Får du feilmelding som seiar at mobiltelefonen ikkje støttar BankID på mobil, må du sjekke med mobiloperatøren din om du må ha nytt SIM-kort.

Om dette er på plass, prøv følgjande:

  • Restart telefonen og prøv ein gong til.
  • Skru av tastelås eller sett denne på eit lenger tidsintervall. Prøv å bestille på nytt.
  • Sjekk om det ligg oppdateringar på telefonen og innstaller desse. Prøv å bestille på nytt.
  • Ta ut SIM-kort på telefon, sett det inn igjen, og prøv å bestille på nytt.
Kva gjer eg om når eg har BankID på mobil og eg har mista telefonen eller den er blitt stolen?

Ring kundesenter på telefon 57 82 97 00 i opningstida. Utanom opningstid kan du ringe banken si sperreteneste på telefon 75 12 89 60. Du kan også logge deg på nettbanken og sperre BankID på mobil. (Mine innstillingar – BankID). I tillegg bør du som normalt ringe teleoperatøren din å sperre SIM-kortet. Når eit SIM-kort er sperra, vil BankID på mobil også automatisk bli sperra.

Fungerer BankID på mobil for alle mobiloperatører?

BankID på mobil fungerer for desse operatørane: Telenor, Djuice, Talkmore, Tele2 * (ikkje kontantkort), One Call *, Dipper, Hello *, Phonero *, MyCall *, Network Norway *, Xito *, Mobitalk, Phonect, NetCom * ,Chess * og TDC*.

Dersom test av din mobil feilar i bestillingsprosessen i nettbank, må du sjekke med mobiloperatør om du må ha nytt SIM-kort.

Kan eg kaste kodebrikka når eg har bestilt BankID på mobil?

Nei, du treng kodebrikka om du skal bestille  deg ny BankID på mobil eller om du skal signere større dokument med vanleg BankID.

Må eg bestille ny BankID på mobil når eg har fått nytt SIM-kort til mobiltelefonen?

Ja – logg deg på nettbanken og bestill der. Valet finn du under Mine innstillingar BankID i nettbankmenyen. BankID på mobil kan berre bestillast i nettbanken.

Kva gjer eg når eg har gløymt ID PIN for BankID på mobil?

Logg deg inn i nettbanken og bestill ny BankID på mobil. Valet finn du under Mine innstillingar - BankID i nettbankmenyen. Du må ha kodebrikke for å få logga deg på nettbanken.

Korleis bestiller eg BankID på mobil?

BankID på mobil bestiller du i nettbanken. Valet finn du under Mine instillingar - BankID i nettbankmenyen.

Kan eg nytte BankID på mobil i utlandet?

Dei fleste mobiloperatørane tillet bruk av BankID på mobil i utlandet.

Kva koster BankID på Mobil?

Sparebanken Sogn og Fjordane tar ingen gebyr for BankID eller BankID på Mobil, men teleoperatørane kan ta betalt for bruken.Sjekk difor i prislistene til din teleoperatør på deiar nettsider.

Eg har andre spørsmål enn dei som er lista opp her?

Her finn du fleire spørsmål og svar for BankID på mobil.