Aksjesparekonto (ASK)

Kan eg ha fleire Aksjesparekontoar?

Ja, du kan ha fleire kontoar.

Dersom du handlar både aksjar og fond, må du ha ein Aksjesparekonto for aksjane dine ( i VPS) og ein for fonda ( i Norne Securities).

Korleis fungerer Aksjesparekonto?

Kjøp og salg av aksjar og aksjefond utan å betale skatt på gevinst så lenge behaldninga står på Aksjesparekontoen. Du kan ta ut det du har betalt for aksjefonda/aksjane utan å skatte. Først når du tek ut gevinst frå Aksjesparekontoen, startar du å skatte (som aksjeinntekt etter gjeldande satsar).  Frådrag for eventuelt tap kan først krevast når kontoen blir avslutta.

Korleis opprettar eg ein ASKonto?

1)      For aksjar – gjer du det via VPS Investortjeneste /nettbanken vår

2)      For fond – i fondshandlesløysinga til Norne securities / nettbanken vår

Korleis tar eg ut pengar frå Aksjesparekontoane mine?

Pr. no må ein sende e-post til kundeservice@norne.no eller ringe 55 55 91 30.

Kostar det noko å opprette ASK?

Nei, det er gratis å opprette kontoen.

Kva er skjermingsfrådrag?

Eit botnfrådrag som blir utdelt til eigarar av aksjar, aksjefond og kombinasjonsfond kvart år. Dette betyr at inngangsverdien du kjøpte aksjane eller fonda dine for, kvart år blir oppjustert med ein liten prosentandel slik at når du ein gong skal realisere ein gevinst så må du ikkje skatte av heile gevinsten, du kan trekke vekk ein del av gevinsten med det du har spart opp av
skjermingsfrådrag.

Kva for aksjefond kan eg ha på Aksjesparekonto i SSF?

Du kan ha aksjefond fra våre samarbeidspartnarar Skagen Fondene, Odin Forvaltning,
Holberg Fondene, Eika og DnB Asset Management.

Kva kan eg flytte inn på Aksjesparekonto utan å innløyse skatt?

Alle børsnoterte aksjar heimehøyrande i EU/EØS eller aksjefond (med minimum 80 %
aksjar) som kan flyttast til Aksjesparekontoen uten å utløyse skatt i
overgangsperioden 2017-18.

Kvar kan eg sjå Aksjesparekontoen min?

Denne finn du via nettbanken ; aksjefond under FOND og aksjar under VPS Investortenester eller AKSJAR i menyen øvst på sida i innlogga nettbank.

Kven kan opprette ASK?

Alle privatpersonar som er skattepliktige til Norge