Kundeservice

Mest stilte spørsmål

Kva gjer eg når eg har fått sperra eller gløymt passordet mitt til nettbanken?

Du må kontakte kundesenter på telefon 57 82 97 00. Dersom du kan verifisere kven du er, vil dei sende over passord på e-post.

Kva gjer eg når eg har mista kortet mitt?

Dersom du mister kortet ditt, må du ringe snarast råd for å sperre det. Kundesenteret vårt er ope heile døgnet, og du kan ringe oss på  +47 57 82 97 00.

Eg har gløymt Pin-koden på kortet mitt. Kva gjer eg?

Dersom du er nettbankkunde kan du logge deg inn i nettbanken. Under menyvalet "Mine kort" og "Hent PIN" kan du hente fram pin-koden på nytt. Dersom du ikkje har nettbankavtale må du kontakte Kundesenter på tlf. 57 82 97 00 eller lokal kontor.

Korleis kan eg klage på banken sine tenester?

Du finn meir informasjon om klagerutine og -skjema her.

Skal eg melde adresseendring til banken når eg flyttar?

Nei, banken er knytta opp mot folkeregisteret og får oppdaterte adresseendringar frå dei ein gong pr.månad. Det betyr at du ikkje treng å endre adresse når dette er meldt Folkeregisteret.

Når er pengane på konto i annan bank?

Når du betaler til ein konto i ein annan bank, skjer det overføringar 4 gonger pr. døgn på ein kvardag, men ikkje i helgane. Sjå nærmare tidspunkta her, og når dei er på konto i annan bank.

Nettbank og pålogging

Kva gjer eg om eg har gløymt BankID-passordet mitt?

Om du har gløymt BankID-passord må du ta kontakt med kundesenteret vårt på telefon 57 82 97 00.

Eg brukar ikkje BankID og har gløymt nettbank-passord

Har du gløymt nettbank-passord kan du bestille nytt her.

For å bestille må du legge inn brukarnamn og kode frå kodebrikka. Passord vert sendt automatisk til e-postadressa du har registrert i banken sine system.

NB! Brukar du BankID og har gløymt passord, må du kontakte Kundesenter.

 

Kvifor får eg feilmeldinga "Feil passord" ved pålogging til nettbanken?

Denne meldinga kjem av at du legg inn feil i passord. Er du sikker på at du har skrive inn passordet ditt 100% rett? Har du endra passordet ditt i det siste, og skriv inn det gamle? Dersom du har gløymt passordet, må du kontakte kundesenter på tlf
57 82 97 00 for å få tilsendt nytt.

Kva gjer eg om eg har mistanke om at passord eller kodebrikka mi er på avveie?

Har du mistanke om at passord eller kodebrikke er på avveie, skal din BankID sperrast - på telefon 57 82 97 00 i banken sine opningstider. For å oppheve sperring av BankID må du møte opp på eit kontor for å legitimere deg. BankID kan også sperrast på telefon
47 815 49 800. Frå utlandet kan du ringe + 47 75 12 86 50 . Desse numera kan du ringe heile døgnet.

 

Kva gjer eg om eg har mistanke om svindel i nettbank eller nettbank bedrift?

Dersom du oppdagar eller mistenker svindel i nettbank eller nettbank bedrift kan du ringe banken si sperreteneste på telefon 75 12 89 60. Tenesta er open heile døgnet. Du kan også ringe banken på 57 82 97 00 i banken si opningstid.

Kva gjer eg om kodebrikka sluttar å fungere?

Dersom kodebrikka sluttar å fungere kan du logge på nettbanken din med BankID på mobil og sende oss ei melding om at du ønsker ny kodebrikke. Om du ikkje har aktivert BankID på mobil, ring kundesenteret i vår opningstid.

Er det lite batteri på brikka di, men den kan framleis brukast? Logg inn i nettbanken din og aktiver BankID på mobil slik at du kan bruke dette til å identifisere deg medan du ventar på ny kodebrikke. Send ei melding til oss frå pålogga nettbank om at du ønskjer ei ny kodebrikke, bekreft gjerne adressa di i meldinga til oss.
Merk: Når kundesenteret bestiller ei ny kodebrikke vil den gamle brikka slutte å virke med ein gong. Så om du ikkje ønskje å benytte deg av tenesta BankID på mobil må du hugse å gjere ferdig ting som hastar i nettbanken før du sender oss ei melding.

Merk: Sjølv om du bestiller BankID på mobil må du framleis behalde brikka di då enkelte større signeringsoppdrag krev brikke, og for å aktivere BankID på mobil igjen om du byttar sim-kort eller abonnement.

Om du heller å kontakte oss på telefon kan du ringe kundesenteret på nummer:

57 82 97 00. Opningstida for kundesenteret finn du lenger opp på sida.
Kva gjer eg når eg få beskjed om at nettbanken min er blokkert?

Ta kontakt med kundesenter på tlf 57 82 97 00 så hjelper dei deg med å låse opp blokkeringa. Årsaka til blokkeringa er at du har lagt inn feil passord eller kode frå kodebrikke for mange gonger.

Korleis endrar eg BankID-passordet mitt?

Du kan endre passordet ditt ved å logge inn med BankID, skriv fødselsnummer, vel Meny og "Endre passord". BankID-passord må vere 8 teikn/tal langt.

Kva nettlesarar støttar BankID?

BankID uten Java vil fungere på dei fleste nyare datamaskiner, nettbrett og mobiltelefonar som har nettlesar. Internet Explorer 8 og eldre er ikkje støtta, heller ikkje iOS 5 og 6.

Test om du kan bruke BankID utan java på BankID Norge sine nettsider.

Ønsker du å oppgradere nettlesar finn du informasjon på denne sida.

Kva betyr feilkode BID 2031?

Det er som regel to årsaker til at denne feilkoden oppstår:

1. Du brukar ein PC med Internet Explorer 9, 10 eller 11 på eit jobbnettverk. Løysing: Her må administrator (IT-ansvarleg) i bedrifta gjere ei endring i Internet Explorer (9/10/11) for at BankID skal fungere. Du finn informasjon om korleis dette kan gjerast på BankID Norge sine nettsider.

2. Du brukar ein PC med eit operativsystem eller en nettlesar som ikkje er oppdatert til nyare versjon. Løysing: Oppdater PC-en slik at du har siste versjon av operativsystem eller nettleser. Nye versjonar er sikrare, og bidrar til at BankID fungerer raskere. Les meir om korleis du kan oppgradere nettlesaren din.

Kva betyr feilkode BID-1031?

Av og til kan man oppleve å bli kasta ut av nettbanken med feilmeldinga "Systemfeil". Dette kan skuldast at PC'en byttar IP-adresse mens du er pålogga. Av sikkerheitshensyn tillet ikkje nettbanken at IP-adressa blir endra medan du er pålogga.

IP-adressa er ei adresse ein får tildelt av sin internettleverandør for å kunne surfe på nettet. Det kan vere ulike årsaker til at IP-adressa vert endra medan du er innlogga i nettbanken.

 

Internett tilkobling:
 3G-tilkobling (Mobilt bredbånd): Dersom du brukar 3G-kort til koble deg til internett, er det større risiko for at denne feilen oppstår. Dersom du sit på Internett med et 3G-kort og samtidig oppheld deg i ei trådlaus sone, er det mogleg at PC'n automatisk bytter mellom å bruke tilkoblingen via 3G og det tilgjengelige trådlause nettet. Dette vil medføre at PC'n får tildelt ei ny IP-adresse. Dersom dette skjer når du er logga inn i nettbanken vil du av sikkerheitsmessige årsaker bli kastet ut.

 

Situasjonen vil også kunne oppstå for deg som nyttar ISDN oppkobling heime.

 

Enkelte kundar som har ADSL heime har også opplevd dette. Det kan vere innstillingar i ADSL-modem som er årsaka til at det blir tildelt ei ny IP-adresse. I dei tilfella dette oppstår må du ta kontakt med din internettleverandør for å få ei forklaring på kvifor det skjer. Normalt skal det ikkje vere noko behov for å tildele ein PC ny IP-adresse så lenge den er koblet opp på Internett.

 

Vi har sett enkelte sikkerheitsprodukt retta mot bedriftsmarknaden kan skape denne type problemstillingar. Programvaren gjer at ulik type trafikk kjem frå ulike ip adresser. Eksempel på slik programvare er Scansafe. HTTP og HTTPS trafikk går via Scansafe, medan pålogging og signering med BankID går direkte frå kunden. Dette gjer at IP-adressa vert bytta og du får feilmeldingen BID-1031.

Kva betyr feilkode BID-1118?

Feilkode BID-1118 er som regel knytta til feil i oppsett av datamaskin eller heimenettverk. Prøv å slå PC'en av og på, og logg inn igjen om 5-10 minutter. Dersom dette ikkje hjelper må du kontakte din nettverksleverandør for support. Fortsetter du å få feilkode BID-1118 etter dette, ta kontakt med oss på telefon 57 82 97 00.

Kva betyr feilkode BID-1337?

Denne feilen vert normalt løyst ved å lukke nettleseren og prøve på nytt.

Kva betyr feilkode BID-1433?

Dette vert normalt løyst ved å starte maskina på nytt, og skrive inn "www.ssf.no" i adresselinja. Ikkje bruk ein snarveg for å logge inn i nettbanken.

Kva betyr feilkode BID-1439?

Feilkode BID-1439 betyr at din BankID er sperra. Ta kontakt med oss på telefon 57 82 97 00 så hjelper vi deg. Vi vil stille deg nokon spørsmål for å kontrollere identiteten din. Er vi trygge på at du er den du utgir deg for å vere, vil sperra bli oppheva.

Kva betyr feilmelding BID-5000?

Feilmeldinga betyr at det er ein kommunikasjonsfeil mellom datamaskina di og banken. Forslag til løysing: Lukk nettlesar og prøv på nytt om 5 minutt. 

Kvifor får eg opp feilmeldinga "Feil data tasta inn" når eg prøver å logge meg på nettbanken med BankID?

Denne feilmeldinga kjem opp når du har lagt inn feil fødselnummer eller feil engangskode frå kodebrikke. Sjekk at fødselsnummer og engangskode frå kodebrikke er lagt inn rett.

Kvar kan eg bruke BankID?

BankID kan brukes på alle brukerstadar (herunder nettbankar) som er tilknytta BankID. Oversikt over bruksområde og brukarstader finn du på denne sida.

 

Kva kan eg gjere for å sikre PC'en min?

Informasjon om korleis du sikrar PC'en din finn du her.

Kva for nettlesar støttar nettbanken?

Oversikt over nettlesarar som nettbanken støttar finn du her. Hugs å alltid ha oppdatert til siste versjon.

Korleis slettar eg midlertidige filer i nettlesar?

Internett Explorer 8.0 og 9.0
1. Klikk på Verktøy (tannhjul oppe til høgre)
2. Vel Sikkerhet
3. Klikk på Slett leserlogg
4. Klikk Slett
5. Lukk nettlesar og prøv på nytt

Mozilla Firefox
1. Klikk på Verktøy
2. Vel Slett nylig historikk
3. Vel Alt i lista for Slett tidsrommet
4. Klikk Slett nå
5. Lukk nettlesar og prøv på nytt

Google Chrome
1. Klikk på symbolet oppe til høgre (tre strekar)
2. Vel Logg
3. Klikk Slett alle nettlesardata
4. Vel Tidenes morgen i nedtrekksmeny
5. Slett logg
6. Lukk nettlesar og prøv på nytt

Opera
1. Klikk på Opera oppe til venstre
2. Vel Innstillinger
3. Klikk på Slett private data
4. Klikk Slett
5. Lukk nettlesar og prøv på nytt

Safari
1. Klikk på Safari oppe til venstre
2. Vel Tøm buffer
3. Klikk Tøm
4. Lukk nettlesar og prøv på nytt

 

 

Kvifor får eg beskjed om å fornye BankID?

BankID må fornyast kvart andre år. Når du fornyar BankID må du lage deg eit nytt BankID-passord. Dersom du ikkje har fornya BankID når det er 11 dagar igjen til den utløper, vil du få ein SMS om dette. Om du ikkje loggar deg inn innan desse 11 dagane vil BankID bli tilbakekalt og du må bestille BankID på nytt i nettbanken din.

Kvifor vert eg logga ut av nettbanken?

Av sikkerheitshensyn blir du automatisk logga ut etter 14 minutters inaktivitet. Dette vert gjort for å verne deg om du gløymer å logge deg av før du går frå PC.

Skal eg melde adresseendring til banken når eg flyttar?

Nei, banken er knytta opp mot folkeregisteret og får oppdaterte adresseendringar frå dei ein gong pr. månad. Det betyr at du ikkje treng å endre adresse når dette er meldt Folkeregisteret.

Kort og sperring

Kva gjer eg når eg har mista kortet mitt?

Dersom du mister kortet ditt, må du ringe snarast råd for å sperre det. Ring banken sitt kundesenter på telefon 57 82 97 00. Vi har alltid ope. Vi tilrår at du lagrar telefonnummeret på mobilen din. Dersom du ringer frå utlandet ringer du + 47 57 82 97 00.

Eg har gløymt Pin-koden på kortet mitt. Kva gjer eg?

Dersom du er nettbankkunde kan du logge deg inn i nettbanken. Under menyvalet "Mine kort" og "Hent PIN" kan du hente fram pin-koden på nytt. Dersom du ikkje har nettbankavtale må du kontakte Kundesenter på tlf. 57 82 97 00 eller lokal kontor.

Kva er ein CVV2-kode?

Dette er dei 3 siste siffera du finn til høgre i signaturfeltet på kortet ditt.

Kor tid får eg tilsendt nytt kort når det skal fornyast?

Det nye kortet vil du motta ca. den 15. i den månaden det gamle kortet går ut. Dvs. at dersom kortet ditt går ut i juli, vil det nye kortet kome til deg ca 15. juli.

Kva er vekslingskursen når du bruker Visakort i utlandet ?

Visa Europa bruker eigne vekslingskursar når du betaler med kort i utlandet. Utgangspunktet skal vere beste kurs Visa oppnår mellom bankane denne dagen. Sjå vekslingskalkulator på www.visa.no - Kortbruk i utlandet.

Kor lenge er kortet mitt gyldig ?

Når det til dømes står gyldig til og med 11/13 bak på kortet ditt, tyder det at kortet er gyldig ut november 2013.

Inngår det forsikring og ulike tilleggsprodukt i Visa kortet?

Det er ingen forsikring knytta til korta Visa Classic og Visa Elektron. Visa Gold innheld reise og avbestillingsforsikring og ID-tjuveriforsikring.

Kva beløpsgrense er det på kortet mitt?

Her finn du oversikt over beløpsgrenser på dei ulike korta våre.

Kan eg betale inn pengar til MasterCard, utan å vente på faktura frå banken?

Ja. For å betale inn til ditt Mastercard, nyttar du kontonummer 3890 94 64800 og  KIDnummer finn du på tidlegare tilsendt faktura og under detaljer på Mastercard i nettbanken.

KID-nummer for MasterCard er 000 + kontonummer. Døme: 0003950xxxxxx. 000 + kontnummer= 13 siffer.

 

Kan eg overføre eller betale pengar frå MasterCard i nettbanken?

Ja. Du finn vala i "Nettbank-menyen" under  "Overføring frå MasterCard". Dersom du skal betale med kortet vel "Betal med kredittkort".

BankID på mobil

Eg får feilmelding når eg nyttar BankID på mobil. Kva betyr denne?

Her er oversikt over feilmeldingar og kva dei betyr.

Kva telefonar har utfordringar i forhold til BankID på mobil?

Enkelte telefonar kan ha utfordringar med BankID på mobil. Sjå tips og informasjon her.

Eg får feilmelding når eg prøver å bestille BankID på mobil. Kva gjer eg?

Får du feilmelding som seiar at mobiltelefonen ikkje støttar BankID på mobil, må du sjekke med mobiloperatøren din om du må ha nytt SIM-kort.

Om dette er på plass, prøv følgjande:

  • Restart telefonen og prøv ein gong til.
  • Skru av tastelås eller sett denne på eit lenger tidsintervall. Prøv å bestille på nytt.
  • Sjekk om det ligg oppdateringar på telefonen og innstaller desse. Prøv å bestille på nytt.
  • Ta ut SIM-kort på telefon, sett det inn igjen, og prøv å bestille på nytt.
Kva gjer eg om når eg har BankID på mobil og eg har mista telefonen eller den er blitt stolen?

Ring kundesenter på telefon 57 82 97 00 i opningstida. Utanom opningstid kan du ringe banken si sperreteneste på telefon 75 12 89 60. Du kan også logge deg på nettbanken og sperre BankID på mobil. (Mine innstillingar – BankID). I tillegg bør du som normalt ringe teleoperatøren din å sperre SIM-kortet. Når eit SIM-kort er sperra, vil BankID på mobil også automatisk bli sperra.

Fungerer BankID på mobil for alle mobiloperatører?

BankID på mobil fungerer for desse operatørane: Telenor, Djuice, Talkmore, Tele2 * (ikkje kontantkort), One Call *, Dipper, Hello *, Phonero *, MyCall *, Network Norway *, Xito *, Mobitalk, Phonect, NetCom * ,Chess * og TDC*.

Dersom test av din mobil feilar i bestillingsprosessen i nettbank, må du sjekke med mobiloperatør om du må ha nytt SIM-kort.

Kan eg kaste kodebrikka når eg har bestilt BankID på mobil?

Nei, du treng kodebrikka om du skal bestille  deg ny BankID på mobil eller om du skal signere større dokument med vanleg BankID.

Må eg bestille ny BankID på mobil når eg har fått nytt SIM-kort til mobiltelefonen?

Ja – logg deg på nettbanken og bestill der. Valet finn du under Mine innstillingar BankID i nettbankmenyen. BankID på mobil kan berre bestillast i nettbanken.

Kva gjer eg når eg har gløymt ID PIN for BankID på mobil?

Logg deg inn i nettbanken og bestill ny BankID på mobil. Valet finn du under Mine innstillingar - BankID i nettbankmenyen. Du må ha kodebrikke for å få logga deg på nettbanken.

Korleis bestiller eg BankID på mobil?

BankID på mobil bestiller du i nettbanken. Valet finn du under Mine instillingar - BankID i nettbankmenyen.

Kan eg nytte BankID på mobil i utlandet?

Dei fleste mobiloperatørane tillet bruk av BankID på mobil i utlandet.

Kva koster BankID på Mobil?

Sparebanken Sogn og Fjordane tar ingen gebyr for BankID eller BankID på Mobil, men teleoperatørane kan ta betalt for bruken.Sjekk difor i prislistene til din teleoperatør på deiar nettsider.

Eg har andre spørsmål enn dei som er lista opp her?

Her finn du fleire spørsmål og svar for BankID på mobil.

BankID

Problem med å logge på nettbanken med BankID?

Har du problem med pålogging med BankID. Klikk her for å finne hjelp!

Kva er BankID?

BankID er ein personleg elektronisk legitimasjon for sikker identifisering og signering på nett.

Kan eg ha fleire BankID?

Ja, du kan bestille BankID i fleire banker. Dersom du ønskjer å bestille BankID i Sparebanken Sogn og Fjordane må du logge deg i nettbanken din å bestille dette under valet Meny – Bestill BankID. Hugs at vi må ha ein kopi av passet ditt for å kunne tilby deg BankID. Dersom vi ikkje har ein kopi av passet ditt må du ta med deg
passet ditt til eit av våre kontor slik at vi får scanna dette inn i vårt system (det er ikkje godkjent med pass som du kopierer sjølv og sender inn til oss via e-post/post).

Korleis bestiller eg BankID?

For å få tilgang til BankID må du vere over 18 år. BankID skal bestillast gjennom nettbanken, og du må ha kodebrikke (GO3) for å bestille BankID. Du finn BankID under "mine innstillingar" i nettbankmenyen. Her må du stadfeste dine personalia, lage deg BankID-passord (minst 8 teikn/tal) og stadfeste avtala. BankID er klart til bruk med ein gong,  - du får altså ikkje tilsendt noko materiell.

Kan eg logge meg på med BankID i nettbanken?

Ja.

Korleis signerer eg med BankID?

Du får først presentert ei avtaleside. Her må du lese dokumentet/teksten som skal signerast. Du må også huke av for at dokument/tekst er lest og forstått. På neste bilde skjer sjølve signeringa. Du signerer ved hjelp av ditt fødselsnummer, kode frå kodebrikka og ditt personlege passord. Dersom du har logga inn med BankID, og fortsatt er i same sesjon, holder det med passord. På neste bilde kan du velje å lagre dokumentet. Vi anbefaler at du lagrer dette på di eiga datamaskin, eller skriv det ut for oppbevaring.

Kva vert meint med signering?

Ved hjelp av din BankID kan du signere avtaler, dokument, kontrakter med meir. Denne signeringa er like juridisk bindande som ei avtale signert med penn. Kunden kan signere dokument på alle BankID brukerstader som har implementert signeringsløysing. Kunden signerer ved hjelp av sitt fødselsnummer, kode frå kodebrikka og personleg passord.

Koster BankID noko?

Det kostar ingenting å nytte BankID i vår nettbank. Vi tar heller ingen gebyr for BankID på Mobil, men då kan teleoperatøren din ta betalt for bruken. Sjå prisar på deira nettsider.

Kva betyr BankID for meg?

Ved hjelp av BankID vil du kunne logge deg på/identifisere deg overfor alle brukerstader/nettstader som har tatt i bruk BankID. BankID gir deg høve til å signere dokument elekontronisk på Internett, noko som fører til at handsaming av søknader og dokument vil ta kortare tid.

Verified by Visa og SecureCode

Kva er Verified by Visa og MasterCard Secure Code?

Verified by Visa og MasterCard SecureCode gir tilleggssikkerheit og er eit vern mot at uvedkomande betaler med ditt kort på internett. Brukar du Visa-kortet ditt er det Verified by Visa som gjeld, og bruker du MasterCard er det MasterCard SecureCode som blir nytta.

Kva må eg gjere for å ta i bruk Verified by Visa eller MasterCard Secure Code?

Om du har Visa-kort, eller MasterCard og nettbank hos Sparebanken Sogn og Fjordane har du tilgang til tenesta. Du må ikkje å gjere noko for å aktivisere tenesta på dine kort.

Kvar kan eg handle med Verified by Visa?

Dersom nettbutikken tilbyr Verified by Visa ,viser det på butikken sine nettsider, eller i den betalingsterminalen du taster inn kortnummer og utløpsdato. 

Dei fleste norske nettbutikkar har Verified by Visa, sjå liste her www.visa.no

Liste over europeiske nettbutikkar som er med ,finn du på www.visaeu.com og amerikanske på www.verifiedbyvisa.com. Fleire og fleire nettbutikkar knyter seg opp mot løysinga både nasjonalt og internasjonalt. 


Dersom du handlar på nettbutikkar som ikkje er med på løysinga bruker du kortet ditt på same måte som tidlegare.

Kvar kan eg handle med MasterCard SecureCode?

Tilbyr nettbutikken MasterCard SecureCode kjem dette tydeleg fram på nettsidene, eller på betalingsterminalen der du taster inn kortnummer og utløpsdato. Ei liste over internasjonale nettbutikkar som er med, finn du på www.securecode.com.

Kor mykje kostar det?

Å betale med kort i ein nettbutikk som har Verified by Visa eller MasterCard SecureCode kostar det same som å betale med kort i ein vanlig butikk.

Treng eg å søke om nytt kort?

Nei. Du kan bruke dei korta du allereie har. Verified by Visa og MasterCard SecureCode er laga for å beskytte korta du allereie har.

Korleis vernar Verified by Visa og MasterCard SecureCode meg?

Når du tastar sikkerhetskoden din ved kjøp av varer eller tenester hos ein nettbutikk som tilbyr løysinga, stadfester du at du er korthaldar. Då går kjøpet ditt gjennom om du har dekning på konto/kreditt og kortet ikkje er sperra. Kortnummeret åleine er altså ikkje nok for å få gjennomført ein netthandel hos ein nettbutikk som tilbyr løysinga.

Korleis blir kortnummeret mitt beskytta ?

Visa og MasterCard er svært opptatt av at personlege eller finansielle opplysningar ikkje kan misbrukast. Informasjonen blir brukt berre til oppgitt formål, og dei forsikrar deg om at slik informasjon blir behandla sikkert. Personinformasjon og betalingskortinformasjon blir behandla med høgt krypteringsnivå, og blir lagra på sikre serverar bak ein brannmur for å sikre mot uautorisert tilgang.

 

Det er og viktig å hugse at du alltid må oppbevare passord, kodar og andre personlege id-opplysningar konfidensielt.

Er det enkelt å bruke ?

Ja! Verified by Visa og MasterCard SecureCode er rask og enkel å bruke. Etter at du har tasta inn kortnummer og kortet sin utløpsdato vil du bli beden om å identifisere deg. Du identifiserer deg på same måte som når du loggar deg på i Nettbanken. Vi sjekkar kva for sikkerheitsløysing du bruker i nettbanken, og du får beskjed om å taste inn kode slik du gjer i nettbanken.Du treng ikkje nye kodar, dersom du allereie bruker nettbanken vår. 

 

Har du ikkje Nettbank frå før får du dette ved å kontakte oss.

Kva for kort kan brukast med Verified by Visa og MasterCard SecureCode ?

Dei fleste kortprodukta kan brukast. I Sparebanken Sogn og Fjordane gjeld dette følgjande produkt: Visa Electron (15-18), Visa Electron, Visa Classic, Visa Gold og MasterCard.

Kan eg bruke Verified by Visa og MasterCard SecureCode frå ein annan PC?

Ein av dei store fordelane med Verified by Visa og MasterCard SecureCode er at den virkar frå nesten alle PCar med Internett-tilknytning. Det er inga spesiell programvare som må installerast. Skulle du likevel få problem bør du sjekke at Cookies og JavaScript er tilgjengeleg i nettlesaren, og at "pop-up killers" ikkje er aktivert på Pcen du bruker.

Kan betaling skje frå annan konto enn den tilkytta kortet?

Det er alltid det kortnummeret du tastar inn i terminalen og den konto/kredittkortkonto kortet tilhøyrer som vil bli belasta.

Kva for kode bruker eg, når eg handlar med kortet mitt på ein annan person sin konto ?

Du bruker alltid di personlege kode, når du bruker kortet ditt, sjølv om det er tilknytta andre personar sine konti.


Døme: Når du bruker kortet på ektefelle sin konto, må du bruke den personlege koden frå ditt sikkerheitsverktøy og ikkje ektefelle sin kode.

Mobilbank

Eg har gløymt PIN-koden min. Kva gjer eg?

Dersom du har gløymt PIN-koden din eller trykt feil PIN-kode for mange gonger må du aktivere Mobilbanken på nytt og lage ein ny PIN-kode. 

Er det mogleg å bruke mobilbanken på alle mobiltelefonar?

Ja, mobilbanken skal kunne nyttast på dei aller fleste mobiltelefonar. Kravet er iOS 8.0 og nyare og i Android 4.4 og nyare. I tillegg må du ha nettbank.

Korleis aktiverer eg mobilbanken?

Du kan aktivere mobilbanken på tre ulike måtar. Dette er BankID, BankID på mobil og Utan BankID. Dette er dei same metodane som du nyttar til pålogging i nettbanken. Sjå demo på video for Android og iPhone.

Eg er under 18 år og får ikkje aktivert den nye mobilbanken. Kva gjer eg?

Er du mellom 13-18 år og verge signere for din avtale. Fyll ut informasjonen som vi treng i dette skjemaet også tar vi kontakt med deg.

Dersom du er under 13 år gammal og ønskjer ein enkel måte å følge med på din saldo kan du få SMS-bank. Foreldre/verge må ta kontakt med oss, så ordner vi dette for deg.

Nettbank bedrift

Kan eg bruke ein annan nettlesar enn Internet Explorer?

Nettbank Bedrift støttar Internet Explorer, Google Chrome og Firefox.

Kva er skildnaden på pålogging med og utan BankID?

Med BankID kan du logge på med din personlege BankID, som i nettbank og andre stadar på nettet.
Utan BankID må du logge på med brukarnamnet du har fått oppgjeve av banken, samt kode frå Digipass.

Kva er brukarnamnet mitt?

Har du gløymt brukarnamnet ditt, kan du logge på med BankID om du har dette. Du kan enkelt bestille BankID frå nettbanken om du ønskjer det

Kva fristar gjeld for forfallskøyringar?

Mandag – Fredag: 9.30, 11.30 og 14.00
Mandag- Torsdag: Samme som over, med tillegg til ei ved midnatt

Lån

Korleis kan eg innfri eit lån?

Då kan du sende oss ei melding til denne adressa : innfri.lan@ssf.no med opplysningar om kva for eit lån det gjeld, så ordnar vi resten, og tar kontakt.

Kva må eg gjere for å få auka terminbeløp på lånet mitt?

Denne kan du endre ved å fylle ut eit skjema i nettbanken. Dette finn du ved å klikke på aktuell lånekonto og knappen Detaljar. Klikk deretter på linken "Auke terminbeløp". Du kjem direkte til skjema i nettbanken om du brukar denne lenka.

Kva må eg gjere om eg ønsker å endre belastningskonto på lånet mitt?

Denne kan du endre ved å fylle ut eit skjema i nettbanken. Dette finn du ved å klikke på aktuell lånekonto og knappen Detaljar. Klikk deretter på linken "Endre belastningskonto". Du kjem direkte til skjema i nettbanken om du brukar denne lenka.

Kva må eg gjere om eg ønsker å endre forfallsdato på lånet mitt?

Denne kan du endre ved å fylle ut skjema i nettbanken. Dette finn du ved å klikke på aktuell lånekonto og knappen Detaljar. Klikk deretter på linken "Endre forfallsdato". Du kjem direkte til skjema i nettbanken om du brukar denne lenka.

Kva må eg gjere for å få betalt inn ekstra på lånet mitt?

Dette gjer du ved å fylle ut eit skjema i nettbanken. Skjema finn du ved å klikke på aktuelle lånekonto i nettbanken. Klikk på knappen detaljar og linken som heiter Ekstra innbetaling lån. Du kjem direkte til skjema i nettbanken om du nyttar denne lenka.

Sparing

Må eg ha BSU i SSF for å opne Bustadsparekonto?

Nei, det er ikkje krav til BSU hos oss for å få Bustadsparekonto.

 

Kva skjer med Bustadsparekontoen når eg fyller 34 år?

Då får kontoen din automatisk Sparekonto Total vilkår.

Kontaktlause kort

Kan eg bruke det kontaktlause kortet på vanleg måte med Chip og PIN-kode ?

Ja, du kan bruke kortet slik som du har gjort før med Chip og PIN-kode.

Kva er skildnaden på eit vanleg kort og eit kontaktlaust ?

Med eit vanleg kort må du nytte Chip og PIN-kode, for å kunne gjennomføre eit kjøp, men det kontaktlause kortet  kan du leggje inntil terminalen og kjøpet er gjennomført.

Merk: Kortet må først aktiverast med PIN-kode.

Kva for kort kan brukast kontaktlaust ?

Dei korta vi har som inneheld den kontaktlause funksjonen er Visa Classic, Visa Electron 13-18 og Visa Electron.

Korleis er sikkerheita ivaretatt i eit kontaktlaust kort?

Det er ei beløpsgrense på kor mykje du kan kjøpe for, før du må taste inn PIN-kode. Grensa er med på å minimere misbruk dersom du mister kortet. Det er og sikrare at du ikkje viser PIN-koden til personen bak deg når du betalar kontaktlaust.  Kortet kan du enkelt sperre slik at uvedkomande ikkje kan bruke det, dersom det blir stole.

Korleis veit eg at både kortet og betalingsterminalen akseptera kontaktlaus betaling

Dersom symbolet viser på både kortet og terminalen ditt kan du betale kontaktlaust. Symbolet på terminalen visast enten på displayet eller på sjølve terminalen.

 Kontaktlause kort

Korleis verkar beløpsgrensa på dei kontaktlause korta?

Døme: Du gjer to kjøp på 200 kroner, eit kjøp på 100 kroner og to kjøp på 50 kroner. Neste gong du prøver å betale kontaktlaust vil terminalen be deg taste PIN-koden din. Så kan du bruke 600 kroner til utan kode.

Utanlandsbetaling

Korleis finn eg mitt IBAN-nummer ?

Det får du tak i ved hjelp av IBAN-generatoren.

Kontakt oss