Har du ei hjartesak som du vil støtte, eller vil du at nokon utanfor den nærmeste familien din skal arve deg? Skal arven din fordelast på ein annan måte enn det arvelova krev, må du skrive testament. Er du sambuar, eller bur åleine utan livsarvingar, bør du og vurdere å opprette eit testament.

Korleis skrive testament

Du kan skrive testamentet sjølv, men då må du passe på at alle formkrav er oppfyllte. Det er blant anna krav til at testamentet skal vere skriftleg, underskrive av deg og to vitne. Sjå meir i arvelova her, kva reglar som gjeld.
På internett finn du fleire ulike standardmalar for testament som kan lastast ned, eller du kan få hjelp av ein advokat.

Framtidsfullmakt, legalfullmakt og verjemål

Kva skjer når du ikkje klarer å ta i vare dine personlege og økonomiske interesser sjølv.

Framtidsfullmakt - Etablerer du ei framtidsfullmakt, avgjer du kven som skal ivareta dine interessar om du blir alvorleg sjuk i framtida. Det er meir fleksibelt enn offentleg vergemål.
Legalfullmakt - Dersom eit familiemedlem ikkje kan ta hand om økonomiske og daglegdagse interesser som eit følge av sinnsliding, demens eller alvorleg svekka helse, så vil legalfullmakt slå inn, dersom ein ikkje har signert framtidsfullmakt. Legalfullmakt er ein rett som følgjer direkte av lova, som gir nærståande i nærare bestemt rekkefølgje høve til å betale rekningar og andre løpande utgifter, samt allereie gyldig inngåtte låneavtalar.
Verjemål - Ein person som treng hjelp til å sikre sine eigne interesser, kan få verje både på det økonomiske og det personlege området. Vergemål er ei ordning som kan vere aktuelt for mindreårige,