NY KARRIERE: – Eg trivst veldig godt i min nye kvardag, seier tidlegare fotballproff Mats Solheim, som no er kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Erstatta fotballsko med rådgjevar-rolle

Mats Solheim (36) er tidlegare fotballproff. I dag rådgjev han kundar i staden for å ta tunnelpasningar. – Eg stortrivst i jobben, seier han.
Frå 2006 til 2021 var Mats Solheim profesjonell fotballspelar og har spelt for Sogndal, Kalmar, Hammarby og Stabæk.
– Eg trivst veldig godt i min nye kvardag, fortel Solheim.
– Fotballen var ein veldig viktig del av livet mitt, men eg følte meg ferdig og klar for nye utfordringar då eg slutta, utdjupar han.
Å flytte til Stryn hadde vore planen heile tida. Mats er frå Loen og sambuaren frå Ulvedal, og dei ønskja heim til nettverket sitt. Med seg på flyttelasset hadde dei to små gutar, som no er 3 og 6 år gamle.

God overgang til kontorlivet

Sjølv om fotballen framleis er ein del av livet til Mats som assistenttrenar for Stryn og trenar for laget til sonen, så er det no kundar og kreditt som gjeld for den tidlegare fotballspelaren.
– Eg har alltid vore opptatt av å ha fleire bein å stå på. Då eg spelte i Sogndal tok eg ein bachelor i økonomi og administrasjon. Eg har alltid hatt interesse for økonomi, seier han.
Då valet om Stryn vart tatt valde han derfor overgang frå fotballen til Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Det nye livet passar meg veldig bra. Det er varierte oppgåver, og eg trivst veldig godt med å vere i kontakt med kundane mine, seier han.
GODE KOLLEGAER: Aslaug Valaker (t.v.) og Agathe Lunde Bergset er to av kollegaane til Mats i Stryn.
Det einaste han saknar er å springe og bevege seg, men det løyser han med turar til familie-selet på Rakssetra, fjellturar med flokken sin og aketurar ved Loen Skylift.
– Eg overtok ei stor portefølje, og har prioritert å bli kjent med kundane mine. Det er viktig for meg at dei skal ha tillit til meg og å vere ein trygg og god rådgjevar for dei, seier han.
TIL FJELLS: Her til Rakssetra reiser han så ofte moglegheita byr seg.

Kjekt med kundekontakt

Solheim seier han trivst best når unge kundar med mange spørsmål og like mange draumar kjem inn på kontoret. Han er opptatt av å sette av god tid til ein skikkeleg gjennomgang av både låneprosess, forsikring og budsjett for å gjere kunden trygg.
– Det aller kjekkaste er når eg og kunden finn løysingar ilag, og det er kanskje ekstra kjekt når det er unge folk som eg kan hjelpe i gong. Det er ei kundegruppe som ikkje har vore i prosess med til dømes huskjøp før, og då er det sjølvsagt ekstra hyggeleg å hjelpe til, fortel han.
KUNDEKONTAKT: – Det kjekkaste er når eg og kunden finn løysingar i lag.

Lært mykje på vegen

Han trur alle opplevingane i eige liv kan hjelpe han å vere ein god rådgjevar.
– Eg har vore gjennom mange prosessar som krev raske og store val. Eg har flytta mykje, bygd hus og endra karriereveg. Eg har lært veldig mykje av det, og veit godt korleis det følast å ta store val for seg sjølv og familien. Det føler eg bidrar til at eg kan rådgje på ein god måte når den over bordet for meg skal ta sine val, seier han.
– Eg føler også at eg sit igjen med mykje erfaring frå fotballen, eg sit igjen med mykje meir enn å berre ha sparka ein ball, seier han og smiler.
IDYLLISK: På nydelege Rakssetra ligg familieselet.

Vil du avtale eit møte med Mats?

Mats Solheim

Strynkunderådgjevar privat457 26 610mats.solheim@ssf.no