Eg blir passa på, og det likar eg veldig godt

Ein trønder busett i Bergen med kundeforhold i Sparebanken Sogn og Fjordane. Korleis gjekk det til? Hedvig Nordeide er svaret på det.
– Hedvig passar på meg, så enkelt er det.

Det seier Borghild Anna Kvisterø som har vore kunde i banken sidan 2012, like lenge som Hedvig Nordeide har vore kunderådgjevar hos oss.

– Ho tok meg med seg frå den førre banken ho jobba i, og eg var aldri i tvil om å følgje med som kunde då ho skulle bytte arbeidsplass, seier Kvisterø.
Best på tillit og relasjon
EPSI Rating Norge presenterte for ei tid sidan si årlege kundeundersøking i bankbransjen. Der kjem Sparebanken Sogn og Fjordane ut med førsteplass på blant anna omdømme og tillit. Dette er ting som påverka også Kvisterø sitt bankval.
– Eg kan stole 100 prosent på at Hedvig utfører det ho seier ho skal gjere, og ho er lett å få tak i.
I EPSI-undersøkinga har kundane også gitt Sparebanken Sogn og Fjordane toppscore når dei vurderer kor fornøgd dei er med kvaliteten på rådgjevinga.
– Dette er ei stadfesting på at vi gjer ein god jobb. Eg blir litt stolt, og eg vil takke kundane for så gode tilbakemeldingar, seier kunderådgjevar Hedvig Nordeide.
Har funne byen og banken sin
Borghild er frå Nærøysund kommune i Trøndelag. Ho flytta til Bergen for 26 år sidan, med ein plan om å berre vere der eit halvt år. Men åra gjekk, og ho har ikkje sett seg tilbake. No blir ho verande, både i byen og i banken.
– Eg har aldri vurdert å bytte. Hedvig informerer meg om kva som er lurt å gjere med pengane mine, og eg kan ha eit veldig avslappa forhold til banken.
Ho held fram:
– Skulle eg ha bytta, måtte det vere viss eg kunne spart eit merkbart månadsbeløp med andre vilkår ein anna plass. Men eg er så fornøgd med rådgjevinga og veit at eg får gode vilkår, så eg ser ingen grunn til å bytte. Eg vil ha det enkelt, oversiktleg og greitt, og det får eg med Hedvig, seier ho.
Les også: Lars Ove er kunderådgjevar i Bergen: – Konkurransen her triggar oss

– Oppussing og fleksilån passar meg perfekt
Borghild jobbar i Ross Offshore med personell logistikk/booking for ulike oljeoperatørar. Ho har tre vaksne barn i alderen 26-33 år, og fire barnebarn. Dei fire siste åra har ho pussa opp huset både innvendig og utvendig.

– Eg er nett ferdig med å male huset. Der har eg eit fleksilån som fungerer heilt perfekt for meg. Det er alltid noko å oppgradere, så eg bruker litt, og betaler litt, forklarer ho.

Ingen relasjon til Sogn og Fjordane
For Borghild er det heilt uproblematisk å vere kunde i ein bank som har opphavet sitt i geografisk område ho sjølv har mindre kjennskap til.

– Eg har ei niese i Sogndal. Utover det har eg ingen relasjon til Sogn og Fjordane, og eg føler ikkje at ein må ha det for å vere kunde her. Eg får gode vilkår og veldig god service og oppfølging, og det er det viktigaste for meg, avsluttar Kvisterø.
Bli kunde
Ta ein prat med rådgjevaren din