– Eg er opptatt av å setje meg godt inn i situasjonen til kunden

Er du på jakt etter bustad, men litt usikker på korleis du skal gå fram? Då vil Emir Saracevic gjerne høyre frå deg!
– Å følge ein kunde frå den aller første telefonsamtalen og heilt til vedkommande står med nøkkelen i handa si, det er det aller kjekkaste med jobben min.
Det seier Emir Saracevic, som er banksjef digital i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Ei av dei som har gjort nettopp dette er 28 år gamle Gagan frå Oslo.
– Eg blei anbefalt av ein veldig god venn av meg om å ta kontakt. Det vil eg seie var noko av det smartaste eg gjorde. Eg tok ein telefon og snakka med ein hyggeleg rådgjevar i banken, og vips, så var vi i gang med å planlegge min første bustad, seier Gagan.
Sist haust flytta ho inn i si nye leiligheit i Oslo, etter å ha fått eit førsteheimslån hos Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Det var ein veldig mjuk prosess, vil eg seie, å bytte bank. Eg blei høyrt og sett som meir enn berre eit tal, seier Gagan.

– Ta kontakt

Personen i andre enden av telefonsamtalen som Gagan viser til, var nettopp Emir. Han starta som kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane i 2018, og sidan januar 2022 har han vore banksjef på avdelinga «Digital».
– I jobben min er eg veldig opptatt av å setje meg godt inn i kvar enkelt kunde, og kva som er situasjonen til kunden, seier Emir.
Alle bankar i Norge må følgje utlånsforskrifta, som fortel kva som må vere på plass for at ein kan få bustadlån. Gode tips og kva krav som gjeld for å få bustadlån, kan du lese meir om her . Eitt av krava er at samla lån ikkje kan overstige fem gongar inntekta.
– Men jobbar ein skiftarbeid, får løn på provisjon, eller om deler av inntekta består av tillegg og bonus, forstår vi godt at det kan vere vanskeleg å skjønne kor mykje ein kan få. Ikkje nøl med å ta kontakt, for som sagt er eg er opptatt av å setje meg godt inn i kunden sin økonomiske situasjon før eg kjem med ei anbefaling, seier Emir.

Sparringspartner gjennom kjøpsprosessen

Når det første delmålet på vegen mot bustadkjøp er oppnådd, nemleg at finansieringsbevis er innvilga, så er Emir veldig klar på at dialogen og rådgjevinga ikkje stoppar her.
– Spesielt for dei som aldri har kjøpt ein bustad før, er det ein tryggheit å ha nokon ein kan kontakte. Rett og slett ha ein sparringspartner. Og det er jo på mange måtar det ein kunderådgjevar er, seier Emir.
Han held fram:
– Vi følger opp kunden og har tett dialog gjennom heile kjøpsprosessen. Slike ting er viktig, og eg opplever at kundane våre set pris på det. Dette kan også vere grunnen til at nokre kundar tipsar sine vener og kjende om oss, seier Emir.