Huset ditt er kanskje det mest verdifulle du eig, og dersom det skulle skje noko med det bør du ha forsikring. Om banken har pant i det er du også lovpålagt å ha husforsikring.
Vi bygger nytt hus til deg.
Vi dekker tap under reperasjon.
Vi er der for deg når du treng det mest.
Standard husforsikring
- Bygningen er forsikra til gjenoppføringspris utan omsyn til opprinneleg forsikringssum, ei fullverdiforsikring som sikrar deg eit nytt hus
- Forsikringa dekker plutseleg skade på bustad som følge av brann, eksplosjon og lynnedslag, vassinntrenging frå terreng, rørbrot, innbrot, brotskade på bygningsglass og sanitærporselen.
- Naturskade
- Rettsleg erstatningsansvar og rettshjelp.
Utvida husforsikring dekker i tillegg:
- Skade som følge av vassinntrenging gjennom tak og vegg.
- Meirkostnadar ved klimavennleg tiltak utover det som er påkrevd etter lov/forskrift ved gjenoppføring av fullverdiforsikra bustad, inntil kroner 50.000,-
- Punktering av isolerglas inntil ein viss alder.
- Følgeskade på andre rom etter vanninntrengning frå utett bad eller dusjrom.
- Utgifter til tining av utvendige ledningar.
- Følgeskader av handtverkarfeil som vert konstatert innan fem år med 300 000 kroner.
Tilleggsdekningar du kan ha bruk for
Vi tilbyr tilleggsdekningar som bygg under oppføring og hussopp. Når ein bygger bustad er det viktig å sjekke kva utbyggar har av forsikringar. Bygger du bustad eller organiserer byggeprosessen sjølv, anbefaler vi at du teiknar forsikring for bygg under oppføring.
Ting folk lurer på
meirennbank.no om forsikring

Kva med bustaden om du blir ufør?
Dersom du ikkje kan svare på dette spørsmålet er du ikkje aleine. Ein halv million nordmenn står i fare for å miste bustaden ved langvarig sjukdom. Noreg er allereie mellom landa i Europa med høgst del uførepensjonistar. I år ventar NAV ein netto-auke i talet uføre på 10.000 personar, i tillegg til dagens nær 310.000 uførepensjonistar.