Nokre endringar kan du sjølv ordne på lånet ditt.

Auke terminbeløp

Du legg sjølv inn kva beløp du ønskjer å betale framover, men det må vere høgare enn dagens terminbeløp.
Dersom du har avtalt avdragsfritak på lånet, kan du ikkje nytte denne funksjonen. Ta kontakt med Kundesenteret dersom du ønskjer å begynne å betale avdrag før avtalt periode er over.
Ver merksam på at du ikkje kan gjere denne endringa sjølvbetjent dersom det er varsla renteendring på lånet eller dersom du har eit fastrentelån.

Ekstra innbetaling

Ekstra innbetaling på lånet vil redusere saldoen på lånet ditt og som standard føre til at nedbetalingstida på lånet blir redusert. Du vil først kunne sjå endringa første virkedag etter innbetalinga er gjennomført.
Dersom det skjer fleire endringar på lånet samtidig, til dømes dersom det er varsla ei renteendring på lånet, vil ikkje alltid nedbetalingstida bli redusert. Vi anbefaler derfor at du sjekkar nedbetalingsplanen din i nettbanken dagen etter innbetalinga, for å sjekke at ny nedbetalingsplan vart slik du ønska.

Endre forfallsdato eller belastningskonto

Du får opp gyldige nye forfallsdatoar i ei rullegardinmeny når du har logga inn. Dersom førstkommande forfall allereie er varsla, vil dette bli belasta på avtalt dato og endringa vil gjelde frå neste forfall. Det er ikkje mogeleg å endre forfallsdato på eit lån dersom det er varsla renteendring på lånet.
Ved endring av belastningskonto, får du opp ei liste over kontoar som du kan velje mellom.

Ønsker du ein prat med rådgjevaren din?

Dersom du vil rådføre deg med rådgjevaren din før du gjere ei endring på lånet ditt, kan du enkelt booke eit møte her.
Avtal møte