Du kan raskt, enkelt og trygt betale til utlandet frå nettbanken og mobilbanken vår. Dersom betalinga skal bli behandla same dag må den vere registrert i nettbank/mobilbank før klokka 15.00. Viss ikkje blir den behandla neste bankvirkedag.

Betaling til og frå Russland og Ukrania

På grunn av krigen i Ukraina er det store svingingar i valutamarknaden og usikkerheit rundt betalingar til og frå Russland, Ukraina og Kviterussland. Slik situasjonen er no kan ikkje Sparebanken Sogn og Fjordane garantere at betalingar uavhengig av valuta, når fram til mottakarar i desse landa.
Både frå USA, Storbritannia og EU er det innført ei mengde sanksjonar mot personar, selskap og bankar, og ytterlegare tiltak er venta. Det er risiko for at utgåande og inngåande betalingar kan bli avvist eller fryst. Vi følger det til ei kvar tid gjeldande sanksjonsregelverket, og transaksjonar som er underlagt sanksjonar vil ikkje kunne bli gjennomført. Du som kunde må derfor sjølv vurdere kor kritisk det er å gjere betalingar no. Vi gjer også merksam på at du har eit sjølvstendig ansvar for å vurdere om betalingar og sendingar av varer er i tråd med gjeldande sanksjonsregelverk. Meir informasjon om dette finn du på Utanriksdepartementet sine nettsider.

Lurer du på kva det kostar?

For betalingar innanfor EU/EØS er delte kostnader einaste alternativ, uansett valutasort.

Ting folk lurer på