Valutakonto er tilpassa bedrifter som har stor omsetnad i utanlandsk valuta og ikkje ønsker veksling til norske kroner. Rentesatsen følger renta i den aktuelle valutaen med frådrag av ein margin, og blir justert på dagleg basis. Du må ha nettbank for å kunne opprette ein valutakonto. Det er ikkje mogleg å sette inn eller ta ut kontantar, eller knyte kort til kontoen.
Redusert valutarisiko
Betalingar kjem inn i den aktuelle valutaen og du unngår at beløpet blir veksla til norske kroner før vidare disponering.
Reduserte vekslingskostnadar
Du kan også betale faktura i valuta direkte frå valutakontoen i nettbanken, utan å veksle beløpet via norske kroner.
God likviditetsstyring
Dersom kursen er gunstig kan du også overføre pengar til den norske kontoen din i nettbanken.
Fleirvaluta kontosystem
Valutakontoar i ulike valuta kan også inngå i eit fleirvaluta kontosystem. Gjennom kontosystemet kan du trekke på tvers av konti i ulike valuta, som eit alternativ til å veksle valuta. Ønsker du å vite meir om fleirvaluta kontosystem? Send oss ein e-post på valuta@ssf.no.
Alltid individuell tilpassing
Kontakt oss for ei skreddarsydd løysing for di bedrift.