Valutahandel

Sparebanken Sogn og Fjordane kan tilby deg ei rekkje produkt for handel i valuta. Vi har fire meklarar med god kompetanse og erfaring. Meklarbordet i SSF er det einaste meklarbordet mellom Bergen og Ålesund.

Spothandel

Spothandel er kjøp, eller sal av valuta til dagens kurs, med oppgjer to bankdagar fram i tid.

Dine fordelar:

  • Ditt valutabehov vert dekt umiddelbart
  • Du veit eksakt kva for valutabeløp du må levere, eller motta
  • Kjøpe eller selje valuta tilsvarande NOK 1 000.000,- eller meir,
    kontakt våre meklarar for å avtale kurs.

Terminhandel

Ein terminforretning er ei gjensidig bindande avtale om kjøp, eller sal av valuta for levering fram i tid.

Dine fordelar:

• Sikrar valutakursen på framtidige inntekter og utgifter i valuta
• Forsikring mot uønska valutakurssvingingar
• Forenklar økonomistyring og rekneskapsføring

Valutaswap

Ein valutaswap er ei gjensidig bindande avtale mellom to partar om bytte av valuta for ein fast periode til ein avtalt vekslingskurs.

Dine fordelar:

• Byte av valuta du har behov for mot ein valuta du har overskot av
• Gjev økonomisk fridom og forenklar økonomi og likviditetsstyring 

Kven har behov for valutahandel?

• Du som har framtidige inntekter og/eller utgifter i valuta
• Du som driv med import/eksport
• Du som vil nytte valutahandel som eit investeringsinstrument

Nyttige lenker

Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00