Forretningsplan

Å skrive ei forretningsplan kan vere første steg på vegen mot å starte eige firma. Ei forretningsplan er viktig som dokumentasjon i lånesøknader og som eit styringsverktøy på veg mot måla dine.

 

•Kvifor treng du ei forretningsplan?
•Kva skal den innehalde?
•Korleis kan den brukast?
•Kvar finn du meir informasjon?  

Verdifullt styringsverktøy
Her er nokre punkt som bør være med:
 
Medverkande
Presenter deg sjølv og eventuelle andre eigarar eller tilsette.
 
Ideen og produktet
Kva skal du drive med? Fortel om bakgrunnen for ideen, kva som gjer den unik – dersom den er det – og kva du har å tilby kundane dine.
 
Marknaden
Kven skal kjøpe det du sel? Har du tal å slå i bordet med? Eit nettverk du kan spele på? Mange konkurrentar, eller åleine på bana?
 
Organisering
Skal du drive for deg sjølv, eller har du tilsette? Skal du samarbeide med andre, vere underleverandør eller overleve på eigahand?
 
Finansiering
Det løner seg å vere konkret, spesielt dersom du skal bruke forretningsplana ved søknadar om lån. Lag budsjett med inntekter og utgifter, vis eventuelle investeringsbehov og korleis du skal skaffe pengane. Prøv å vere realistisk og lat suksess bli ein ekstra bonus.
 
Mål
Dei er vanlegvis konkrete: Kor mange tilsette om eitt år, kor stor omsetnad og kor stort resultat. Du og kan godt fortelje om kva for personlege mål du vil realisere, kva for posisjon selskapet ditt skal ha og kven du ønskjer å ha med på laget, enten som tilsette eller som partnarar.
 
Gir tillit og truverde
Forretningsplana kan brukast som ein presentasjon og vil gi potensielle partnarar og kundar eit innblikk i det arbeidet du har gjort før firmaet vart etablert. Det er med på å skape tillit og truverde. Men like viktig er det du sjølv oppnår når du utarbeider plana.
 
Det dukkar garantert opp ting du ikkje har tenkt på, og som du må finne løysinger på. Kanskje er marknaden større enn du trudde, kanskje du må klare deg på lågare løn, lenger enn du egentleg hadde planlagt. Forretningsplana hjelper deg å tenkje framover og synleggjer utfordringar som det er lurt å vite om, heller før enn seinare.

Ein god forretningside og ei god forretningsplan er ofte grunnlaget.

 Du bør diskutere ideen med:

•Mogelege kundar for å avdekke behov
•Framtidige leverandørar
•Dei som kjenner vilkåra for å drive bedrift (td. bedriftseiegarar, næringskonsulentar i kommunen/fylket, banken, advokatar, revisorar, likningskontor)


 


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00