No er ny løysing for rekneskapsgodkjente betalingar aktivert for alle. Den nye løysinga gjer at du kan godkjenne betalingar rett frå rekneskapsprogrammet utan behov for ettergodkjenning i nettbanken. Om rekneskapsprogrammet ditt ikkje er på plass med ny løysing, må du ettergodkjenne betalingane i Nettbank Bedrift.

Slik fungerer den nye løysinga

For å bruke rekneskapsgodkjente betalingar må du aktivere dette inne i rekneskapsprogrammet ditt. Når du betaler frå rekneskapsprogrammet, skjer det ein automatisk kontroll av godkjenningsrett og legitimasjon. Det betyr at den eller dei som godkjenner betalinga i rekneskapsprogrammet også må ha godkjenningsrett på kontoen i Nettbank Bedrift. Merk at det ikkje er nok å bli lagt opp som brukar i Nettbank Bedrift - du må også ha logga inn minst éin gong for at kontrollen av godkjenningsrett skal fungere.
Det er framleis mogleg å sende inn betalingar som ikkje er godkjent i rekneskapsprogrammet, men desse må ettergodkjennast i Nettbank Bedrift.

Ting folk lurer på