Kassekreditt

Kassekreditt er knytta til Bedriftskontoen din, og bedrifta di kan overtrekke kontoen inntil ei avtala kredittramme. De får betre likviditet, då rekningar kan betalast før salsinntekter føreligg.

 

Kassekreditten skal brukast til finansiering av omløpsmidlar, t.d. varelager og fordringar. Treng du meir langsiktig finansiering, passer nedbetalingslån best.

Du kan og få tilleggs- eller sesongkredittar som gjeld for ein kortare periode. Dette passar for deg som har behov for ekstra kreditt i eit avgrensa tidsrom, eller som opplever regelmessige svingingar i likviditetsbehovet.
 
Bedrifta di betaler løpande rente kun av den summen de til ei kvar tid nyttar av kreditten. I tillegg betaler de kvartalsvis provisjon av innvilga kredittramme.
 
Kassekredittar innvilgar vi for eit år om gangen, og fornyar etter gjennomgang av årsrekneskapen til bedrifta..

Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00