Driftskreditt

Vi er med i samvirke- og privatordninga for driftskreditt til landbruket. Kreditten er finansiering av driftskapitel i form av løpande utgifter og dagleg drift.

Direkte overføring av oppgjer frå produsent

Driftskreditt er knytta til produsentoppgjer frå lag og bedrifter. Vi gir kreditt, og oppgjer frå dei som er med i ordninga, blir overført direkte til gardbrukaren sin Landbrukskonto med driftskreditt. 

Kredittgrensa styrt av leveransen

Grunnlaget for kreditten er dei samla årlege oppgjera, medrekna meirverdiavgift. Går leveransane ned, eller du leverer til bedrifter utanfor ordninga, pliktar vi å redusere kredittgrensa i høve til kredittgrunnlaget.

Etterskotsvis rente

Ved driftskreditt blir renta rekna av det beløpet som til eikvar tid er trekt på konto. Rentene blir belasta etterskotsvis kvart kvartal.

 

Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00