Kundererklæringsskjema - korleis fylle ut

Her forklarer vi litt meir om nokre av punkta i skjemaet :

Punkt II «Eiere /relle rettighetshavere»
Her er føremålet å kartlegge kven som direkte, eller indirekte kontrollerer verdiane i selskapet. Ein reell rettshavar er ein fysisk person som i siste ledd eig eller kontrollerer selskapet, anten åleine eller saman med nære familiemedlemar.

Nedanfor er nokre av dei mest vanlege døma som syner korleis ein kan kontrollere om eit selskap har ein eller fleire reelle rettshavarar, dvs fysisk person som åleine eller saman med familiemedlemar:

  1. Eig meir enn 25 prosent av eigardelar i selskapet
  2. Som ved å eige aksjar, andelar eller medlemskap kontrollerer meir enn 25 prosent av det totale antal stemmer i selskapet
  3. Har rett til å utpeike eller avsette meir enn halvparten av selskapet sine styremedlemar eller tilsvarande
  4. På grunn av avtale med eigarar, medlemmar, selskapet, vedtekter eller tilsvarande, kan utøve kontroll som vert omfatta av bokstav a, b eller c like over
  5. På annan måte utøver kontroll over selskapet


Punkt V «Bruk av banken»


Innbetalingar frå / utbetalingar til utlandet
Her ynskjer banken informasjon om selskapet vil motta innbetalingar frå utlandet, eller føreta utbetalingar til utlandet. Her er det fint om de klarer å vere så presise som mogeleg med omsyn til kva land og beløp som er aktuelt og med ein kommentar til formålet med transasksjonen. 

Kontantinnskot
Har selskapet kontanthandtering som samla overstig kr 100.000,- per år, er det også her fint om de klarer å vere så presise som mogeleg med omsyn til beløp, i tillegg til at de skriv ein kommentar til korleis desse kontantane blir erverva.

Punkt VI «Midlenes opprinnelse»
Her er føremål å få informasjon om eigenkapitalen i selskapet. Her kan de ta utgangspunkt i til dømes siste års-rekneskap som føreligg og fylle inn storleik på eigenkapital. Sidan eigenkapitalen kan bestå av både innskoten kapital frå eigarar av verksemda og/eller opparbeidd eigenkapital gjennom drift, ber vi om at de fyller inn ein utfyllande kommentar som forklarar kva eigenkapitalen i selskapet består av og korleis eigenkapital er erverva.

Døme på innskoten eigenkapital:

Kva Kommentar
Aksjeinnskot   Oppsparte private midlar
  Arv/gåver
  Lånte midlar

 

 Døme på opptent eigenkapital: 

Kva Kommentar
Opptent eigenkapital Overskot frå underliggande drift
  Gevinst frå realisering av aktiva
  Utbytte frå anna verksemd som er investert i selskapet

Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00