Ragnhild Helgheim

kunderådgjevar bedrift

Ragnhild er frå Jølster og bur i Breim. Ho begynte i banken i 1983 og har utdanning frå bankakademiet og BI. I tillegg til å vere kunderådgjevar er ho bransjeansvarleg for landbruk.
Som rådgjevar har Ragnhild lang og allsidig erfaring, og har eit stort nettverk og gode relasjonar inn mot landbruksnæringa. Denne næringa har ho følgt tett, både privat og i jobbsamanheng. For ho er det viktig å ha god kundedialog, og ho er opptatt av å finne gode løysingar for kundane og å kunne hjelpe når det verkeleg trengst.