Pål Sunde

kunderådgjevar bedrift

Pål er frå Jølster og har utdanning i økonomi og administrasjon. Han begynte hos oss i 2001 og har jobba både på privatmarknad, som banksjef og no som kunderådgjevar. Han er også bransjeansvarleg for bygg og anlegg.
Pål trivst aller best når han i lag med kunden kjem fram til gode løysingar som fører til verdiskaping, både for kunde og lokalsamfunn. Han set stor pris på å følge kunden over tid og har vore kundeansvarleg for mange av kundane i porteføljen sin i snart 20 år. Pål har lært mykje av kundane, både dei som lukkast og dei som ikkje gjer det. Denne kunnskapen har overføringsverdi i møte med kundar i andre fasar.