Julie Vårdal Heggøy

assisterande banksjef bedrift Gulen og HAFS (permisjon)

Julie er frå Askvoll og bur no i Dale. Ho er utdanna siviløkonom frå NHH, med mastergrad i marknadsføring, strategi og leiing. Ho begynte i banken som nyutdanna i 2013; først som bedriftsrådgjevar og deretter som assisterande banksjef.

Julie set veldig pris på å ha ein jobb der ho kan bidra til næringsutvikling, som igjen fører til levande bygder. Ho har vore innom dei fleste bransjar i løpet av åra i banken, og kan derfor litt om det meste. Og kan ho det ikkje, så finn ho ut av det!