Bedriftssenteret vårt når du på:

57 82 97 00

Måndag - fredag 08:00 - 16:00

Ting folk lurer på

Avtal møte med ein av rådgjevarane våre!

No kan du sjølv finne ledig tid og avtale møte i kalenderen til rådgjevaren din. Dette gjer du enkelt slik:
  • Finn den aktuelle rådgjevaren under "Våre tilsette"
  • Klikk på rådgjevaren og vel "Avtal møte".
  • Vel eit ledig tidspunkt i kalenderen, fyll inn kontaktinformasjon, kva du ønsker å ha møte om og korleis du ønsker å gjennomføre møte.
  • Du vil motta ei kvittering på e-post når du fullfører reservasjonen. Møtet er ikkje avtalt før rådgjevaren din stadfestar det.

Har du ikkje ein rådgjevar?

Vel "Avtal møte" ovanfor og velg den kategorien som passar best for møtet du ønsker å avtale. Då vil du finne ei oversikt over alle rådgjevarane våre og kva tittel dei har. Klikk på den aktuelle rådgjevaren for å finne ledig tid.

Vi har spisskompetanse på din bransje

Næringslivet i Sogn og Fjordane består av mange ulike og komplekse bransjar. Vi har vi valt å spisse kompetansen og oppfølginga vår av kvar enkelt bransje. Difor har dei ulike bransjane ein eller to bransjeansvarlege som har spesielt god kunnskap om den enkelte bransjen. Gå inn på bransjesidene våre for å lese meir om dei ulike bransjane og dei bransjeansvarlege.
Les meir om bransjane

Har du innspel?

Vi vil heile tida vidareutvikle sidene våre. Om du har innspel til forbetringar, tar vi gjerne imot forslaga dine her.