Om du ønsker moglegheit for betre avkastning på bedrifta sine pengar, er fondshandel eit godt alternativ. Fond er enkle og godt regulerte spareprodukt, og vi har lang erfaring med å finne gode alternativ for kundane våre. Vår samarbeidspartner og leverandør av fond er Norne Securities.

Sparing i fond for deg og bedrifta di

Ved å spare i fond kan du forvente å få høgare avkastning enn i tradisjonelle spareformer, som for eksempel banksparing. I tillegg kan du finne produkt som passar til din risikovilje, sparehorisont og krav til avkastning.
Fondssparing gir deg denne balansen fordi forvaltarane er lovpålagde å investere i strengt regulerte marknadar, og dei må spreie investeringane på mange ulike selskap. Dei må òg gi kundane ei verdsetting av fondsandelane kvar dag, og har innløysingsplikt slik at du alltid kan kjøpe og selje dine andelar.
Verdipapirfond er laga for å gi alle tilgang til profesjonell forvaltning av sparemidlane. Det er dermed eit enkelt alternativ til å gjere dette arbeidet sjølv, noko dei færraste har tid og kompetanse til å gjere. Dette overlet du til profesjonelle folk å gjere. For dette betaler du eit forvaltningshonorar som kan variere ut frå kva type fond du sparer i.
Fondssparing er enkelt å administrere både for privatpersonar og bedrifter fordi fondsleverandørane tar ansvar for all skatterapportering for deg. Denne typen sparing har òg eit sterkt forbrukarvern, og fondsforvaltningsselskapa er forplikta til å ivareta fondsspararane sine interesser.

Ulike typar fond

Sparebanken Sogn og Fjordane tilbyr nesten 200 fond frå 7 ulike forvaltarar. Alle fonda våre har dagleg likviditet og verdsetting, og ved uttak vil beløpet normalt vere tilgjengeleg på konto innan 3-4 virkedagar.

Aksjefond

Dette er den fondtypen som har høgast forventa avkastning, men også høgast risiko i form av svingningar undervegs i spareperioden. Tilrådd sparehorisont er minst 5-7 år. Eit aksjefond må ha minst 80% av kapitalen investert i aksjar. Det er mange fond å velje i med ulike mandat, t.d. norske/nordiske, globale fond og ulike bransjefond. Ein kan òg skilje mellom billege indeksfond som skal følgje ein referanseindeks og aktivt forvalta fond som prøver å slå marknaden, men som også kostar meir.

Obligasjonsfond

Desse fonda investerer i obligasjonar, dvs. rentepapir utstedt av det offentlege (stat/kommune), industriselskap, bank og forsikring, der låna har ei «løpetid» på over eit år. Denne typen fond har betydeleg lågare risiko enn aksjefond, men endringar i rentenivå vil ha innverknad på verdiutviklinga. Tilrådd sparehorisont er minst 1-3 år.

Likviditetsfond

Her blir pengane investert i kortsiktige rentepapir med «løpetid» inntil 1 år. Det fondsproduktet som ligg nærmast opp til bankinnskot av fondsprodukta, og kan brukast som alternativ til bankinnskot for t.d. overskotslikviditet.
I tillegg har vi kombinasjonsfond som er samansett av både aksje- og renteprodukt der fordelinga mellom dei ulike fondstypane bestemmer risikoen i produktet.

Investorvern og kundeavtaler

Det er strenge MIFID-krav til handtering av fond og aksjar.

Lurer du på kva det kostar?

Sjå prisar på fond og aksjefond hos fondsleverandøren vår Norne

Prat gjerne med oss om fond

Har du spørsmål eller lurer du kanskje på kva type fond som passar for deg? Kontakt oss for ein prat så finn vi ei løysing som passar for akkurat deg eller di bedrift!

Gunnar Heggheim

Førde, Fagspesialist, Leiingleiar investeringssenter916 80 362gunnar.heggheim@ssf.no

Oddmund Nielssen

Florø, Fagspesialistinvesteringsrådgjevar477 08 387oddmund.nielssen@ssf.no

Oddvar Fimreite

Sogndal, Fagspesialistpensjonsrådgjevar bedrift916 13 238oddvar.fimreite@ssf.no

Odd Helge Aase

Dale, Fagspesialistinvesteringsrådgjevar462 99 447odd.helge.aase@ssf.no

Ulf-Magne Eikås

Stryn, Fagspesialistinvesteringsrådgjevar971 12 450ulf-magne.eikaas@ssf.no

Målfrid Standal Reksten

Florø, Fagspesialistkonsulent investeringssenteret458 75 797maalfrid.reksten@ssf.no

Ting folk lurer på