Derfor vel Haugen Maskin leasingavtale på nytt utstyr

– I vår bransje må vi ofte snu oss rundt fort, og då treng vi ein bank som gjer det same.
Det seier Thorolf Aarøen, dagleg leiar i Haugen Maskin.

Med tolv tilsette og ein omsetnad på nesten 23 millionar i 2020, har han nok å henge fingrane i. Bedrifta i Hornindal utfører dei fleste typar anleggsarbeid, og på kundelista finn vi alt frå kommunar, offentlege etatar og privatpersonar både i Nordfjord og på Sunnmøre. I tillegg er dei ofte underentreprenørar for andre entreprenørar i bransjen. Oppdraga er med andre ord mange og varierte, både i storleik og type.

Det krevst ein heil maskinpark for å drive eit slikt firma, og her har Haugen Maskin valt leasingavtaler blant anna med Sparebanken Sogn og Fjordane for å få på plass utstyret som trengst.
– Vi har ei blanding av eigd og leasa utstyr. Det meste av nytt utstyr blir leasa, og for oss fungerer det veldig greitt. Det er stort sett gunstigare rente på ein leasingavtale enn med eit banklån. I tillegg har vi fokus på dei månadlege kostnadane våre og likviditeten, og då er det betre for oss med leasingavtalar, seier Aarøen.

Lettare å tilpasse seg med ein leasingavtale

Han trekker også fram at det er mange prosessar som blir forenkla med å ha ein leasingavtale.
–Vi kan kjappare tilpasse oss endra behov, det er litt meir styr å finansiere eit lån. Ein leasingavtale kan vi stort sett få fiksa «på timen». Og med ein leasingavtale er det enklare med tanke på pantsetjing og binding av kapital, seier Aarøen.
Grunnen til at bedrifta valte ein leasingavtale med Sparebanken Sogn og Fjordane, er gode vilkår og god oppfølging av kunderådgjevaren.

– Dette er veldig viktig i det daglege. Ofte skjer ting fort når ein skal få tak i nytt utstyr og då blir det som regel inngått avtale med den som gir best service og best vilkår, seier Aarøen.

Ein bank i gode og dårlege tider

Bedrifta går heilt tilbake til 1995 då Trygve Haugen starta opp Haugen Maskinutleige. I 2013 blei dette omgjort til det maskinentreprenørfirmaet som Haugen Maskin er i dag. Og heile vegen har dei vore kunde i Sparebanken Sogn og Fjordane. At dei har blitt verande som kunde så lenge, består forståeleg nok av meir enn berre ein gunstig leasingavtale for Haugen Maskin.
– For oss som bedriftskunde er det også veldig viktig med ein bank som kjenner lokale forhold. Rådgjevaren vår i sparebanken, Roger Lillestøl, er dyktig og responderer raskt, og gjer ei grundigare vurdering enn å berre sjå på tal og rein økonomi. Og ikkje minst er det trygt for oss å ha ein bank som har evne til å hjelpe om det kjem dårlegare periodar, og fange opp svingingar i marknaden. Det gir oss som kunde viktig forutsigbarhet, seier Aarøen.
– Leasing er raskt og enkelt å få på plass og mykje brukt i anleggsbransjen. Derfor er det viktig for oss i Sparebanken Sogn og Fjordane å tilby dette produktet på lik linje med lån, slik at vi er ein totaltilbydar av finansielle tenester. Lokal kjennskap til kundane våre er svært viktig for å hjelpe både i gode og dårlige tider, avsluttar kunderådgjevar på bedriftsmarknaden Roger Lillestøl.
Har du behov for leasing?