I Nettbank Bedrift får du god oversikt over selskapet sine kontoar og kan halde desse fråskild den private økonomien din. Når nettbanken er oppretta vil alle framtidige meldingar og dokument frå banken sendast dit. I tillegg kan du søke i arkivet tilbake i tid etter dokument som til dømes kontoutskrifter.
Om du ønsker å knyte fleire selskap til same avtale, kan du bestille ein tilleggsavtale til ein eksisterande Nettbank Bedrift. Dette passar godt for konsern eller rekneskapsførarar.

Nettbank Bedrift med eller uten integrasjon

Du kan velje mellom Nettbank Bedrift med eller utan integrasjon mot rekneskapsprogram.
Les meir om rekneskapsprogram

Administrator i Nettbank Bedrift

Administrator i Nettbank Bedrift får tilgang til alt ein kan gjere sjølv i nettbanken, som å bestille fleire kontoar og betalingsavtalar, og å legge til eller fjerne brukarar. Administrator får automatisk alle tilgangar til selskapet sine kontoar, og kan delegere tilgangar vidare til andre brukarar. Dersom de ynskjer å legge til eller endre administratorar i selskapet sin Nettbank Bedrift, må banken gjere det for dykk.
Bestill endring av administrator

Nokre fordelar med Nettbank Bedrift

  • Du loggar på med BankID eller BankID på mobil.
  • Administrator kan sjølv legge til brukarar og endre tilgangar, og de kan ha så mange brukarar de vil per avtale.
  • Du kan legge til fleire bedrifter i same avtale.
  • Enkelt å lagre og hente detaljert informasjon om betalingar og mottakarar.
  • Funksjonalitet for valutakonti.
  • Enkelt å hente ut kontoutskrifter, årsoppgåver og andre dokument i arkivet.
  • Ingen faste månadsgebyr.

Skal du fakturere med KID?

Du slepp å registrere innbetalingane dine manuelt i rekneskapsprogrammet om du bruker KID-nummer. Innbetalingane kjem i staden som innbetalingsfiler direkte til rekneskapsprogrammet. For å ta i bruk KID-nummer, må du ha eit rekneskapsprogram som støttar fakturering med KID. Du må i tillegg bestille ein innbetalingsavtale hos oss.
Bestill innbetalingsavtale

Lurer du på kva det kostar?

Ting folk lurer på